Harøya på kartet

Innteikna heilt frå 1600-talet

Sjøfolk og handelsreisande har sigla leia til og forbi Harøya i uminnelege tider  eitt av dei første kjende karta der Harøya og Mørekysten trer nokolunde detaljert fram, er frå omkring 1650. Dei neste hundreåra kom det mange interessante kart som skildrar den verharde og opprivne kyststripa i nordvest som tidleg bar namnet Møre.

OBS: Lesaren blir anbefalt å lese artikkelen på ein stor dataskjerm! Då får ein størst utbytte av å studere dei gamle, spennande og detaljrike karta! 


Før reformasjonen i Noreg (1536) var det ikkje teikna mange kart av landet. Dei som fantest, plasserte ofte Noreg i aust-vest-retning. Jakob Ziegler sine nordenkart frå 1532/36 er dei første kjente karta som plasserte Noreg i nord/sør-retning. Ziegler skal ha fått informasjon om Skandinavia frå det nordiske katolske eksilmiljøet i Roma. Mellom desse var den siste norske katolske erkebiskopen Olav Engelbrektsson – som heldt det kjente Riksmøtet i Bud i 1533. Bud var den gongen største handelsstaden mellom Bergen og Trondheim. 

Harøya på kartet

Det var prestegjeldsgrensene som frå svært gamalt danna grensene mellom bygdelaga. Innanfor eit større område var distrikta delte inn i skipreider - eller otting - som det kom til å heite i Romsdal. Skipreider var frå vikingtida ei administrativ oppdeling av Noreg i geografisk avgrensa område, der innbyggarane var kollektivt ansvarlege for å byggje, halde, ruste ut og vere mannskap på leidangsskip. Inndelinga danna også grunnlaget for tinglaga eller bygdetinga, som var den tids lokale finansielle og judisielle senter, der lov og rett blei hevda og skatt ble betalt inn - på eit vis den tids kommunestyremøte eller regionråd. Eit tinglag kunne omfatte eit skipreide eller eit prestegjeld. Det var vårting og haustting. Kjeldene fortel t.d. at eitt haustting vart sett på Harnes på Harøya ein gong midt på 1500-talet. Tingsamlingane gjekk fast på omgang. Desse inndelingane danna modellen for dei seinare len, amt og herad.

Harøya og øyane nordafor (utanom Myklebust, som tilhøyrde Haram fram til 1965) har gjennom hundreåra alltid vore ein del av Aukra prestegjeld, som frå høgmiddelalderen omfatta stordelen av ytre Romsdal, frå Hustad i nord til Røsok i sørvest. Aukra-kyrkja var samlingspunktet, og frå støene på Huse og Harnes gjekk kyrkjebåtane jamt til Korsvika og Korshaugen i Aukra. Derfrå gjekk kyrkjefolket over myrane til aukrakyrkja. For folk busette på Røsok eller Brunvoll måtte det vere ei stri reis: Etter ei strevsam arbeidsveke på havet eller på åkeren, så måtte dei på søndagen først vandre kyrkjestiane fram til møteplassen på Harbakken, deretter gå i kyrkjebåtane nede i støa, sigle i all slags vêr over Harøyfjorden inn til Korsvika på Aukra og deretter over myrane igjen til kyrkja - og så heim att om kvelden.

Men kva fortel dei gamle karta om Harøya og øyane ikring? Seier dei noko om øyane sin topografi og kulturlandskap, fortel dei noko om buplassar, om næringform, om samferdselsformer og -punkt? 

Informasjonen er knapp. I hovudsak er den lokale informasjonen på karta knytt til kvar det stod kyrkjer. Det seier noko om kva makt og posisjon kyrkja hadde og kva formål det var med å lage karta; ofte var det på kyrkjeleg bestilling. Noko seinare fortel karta litt meir om topografi, næringsvegar m.m.

 Det første kjende kartet er frå 1650 (sjå kartet under), og viser m.a. kyrkjene i Romsdal. Dei er markerte på ulikt vis. Harøya er nemnt som Haaroe, medan området ved Sandøya og Ona er skrive som Sande. Vi veit at det frå gammalt stod kapell både på Husøya, Sandøya og Harøya. Ein kan legge merke til at kyrkja på Harøya er merkt med same type symbol som t.d. kyrkjene på Vågøya (ved Hoem i Fræna) og i Rødven (stavkyrkje), medan kyrkja på Sandøya er markert med tårnsymbol. 

Stavkyrkje?

I kjeldene til Vågøy kyrkjestad i Fræna blir det fortalt om kyrkja at ..Den var i følge besigtigelse av 1661 en stavbygning, da det sies at «4 Kirchestaffuer ehre meget ilde fahrne Neder ved Jorden. Kirken havde et Taarn, som da skulde fornyes, eftersom det i «Storm og Uveir ryster og raver, saa at ingen tør neppeligen i Kirken.. Stavkyrkja på Vågøya blei truleg rive mellom 1661 og 1700 og det blei bygd ei ny krosskyrkje.

Ein kan spekulere i om symbolbruken på 1650-kartet kan tyde på at kyrkja på Harbakken på Harøya også var ei slik stavkyrkje? På 1650-kartet er det fleire kyrkjer i fjordstroka som har same type symbol, som t.d. Mittet og Rødven.

Mørekysten på 1600-talet

Siste halvpart av 1600-talet var ein dramatisk periode også på Mørekysten: Ved Roskildefreden i februar 1658 blei Trondhjems Len med Nordmøre og Romsdal lagt under det svenske riket og styrt av ein svensk guvernør. Unge menn i distriktet vart utskrivne til svensk krigsteneste. Dermed gjekk den formelle landsgrensa mellom Noreg og Sverige tvers over Harøya; Myklebust og Uksnøya var Noreg, resten av øya var svensk. Men alt seinhaustes 1658 vart det slutt på svenskestyret.

Dette var på den tida bondeopprøraren Rasmus Engelbrektson Myklebust (1595-1666) eller Store-Rasmus på Myklebust på Harøya var aktiv i strid mot futevelde og korrupte embetsmenn. I 1660 hadde Fredrik III av Danmark og Noreg innført eineveldet ved statskupp og gjeve seg sjølv uinnskrenka makt. Store-Rasmus fekk smake korleis det var å kjempe mot makta og endte sitt liv som tukthusfange på Akerhus. Alt dette teier 1650-kartet om - men Harøya finst på kartet!

Harøya på kartet

Det neste kjende kartet er frå 1692 (Sjå kart over)↑. I nedste kant t.h. viser kartet Harøe med gardsnamna Huse, Harnæs og Røsok. Ser ein nærare etter på kartet kan det sjå ut som kyrkja på Harbakken (´Rompå´) er teikna inn som eit symbol med tårn og spir. Samanliknar ein med t.d. Vågøy-kyrkja i Fræna, kan det sjå ut som det er same type symbol.

Romsdals Amt (dagens Møre og Romsdal fylke) byrja på denne tida å ta form. Fogderigrensene, eller stiftsgrensene, vart sette slik dei er heilt opp til notida, men på dette kartet kan det sjå ut som også Myklebust heilt på sørspissen avHarøya høyrer til Romsdals len (raudt omriss)? - det skil seg i så fall frå seinare inndelingar. 

Ser ein nøye etter, kan ein kanskje skimte namnet Myklebust?↑ Kartet er uskarpt, og det kan verke som sønste delen er skilt ut på ein eller annan slags måte.. Kartet viser i alle fall tydeleg gjennom farge at Midøya og Dryna tilhøyrer Bergenhus len (grønt omriss).

Det neste kartet er frå 1709 og viser Haröen. På dette kartet er det tydeleg teikna inn at det er kyrkjer både på Harøya og på Ona (Husøya). Kartet viser også at det er kyrkje på Fjørtofta. På Aukra er hovudkyrkja. Merkeleg nok viser ikkje kartet den gamle steinkyrkja på Veøya, men Giske-kyrkja er teikna inn.

1709-kartet er knytt til tidsbolken den vesle istida, med misvekst og avlingssvikt. Berre fiskeria kunne i gode år mette befolkninga. Øyane på mørekysten var no for lengst tømt for den kraftige furuskogen som hadde kledd dei ut gjennom høgmellomalderen. Tradisjonen seier at skotske seglskuter alt på 14-/1500-talet kom til øyane. Der ute vart tømmeret hogd på rot og skipa ut som rundtømmer. Med tida kom dei hollandske seglskutene til å dominere, og desse henta plank frå dei framveksande vassagene inne i fjordane.

Først på 1700-talet rasa den Store Nordiske krigen, og den dansk-norske krigsflåten trengte sjøfolk og soldatar. Tidene var vanskelege, og unge møringar verva seg. Kadetten Peter Wessel Tordenskiold i Trondhjem sigla vel attmed Harøya på veg sørover til krigsteneste i Danmark.
I kyrkja på Harbakken heldt presten messe, medan kyrkjelyden tygde snus og fretta nytt på kyrkjebakken. Men dei døde vart frakta i båt til kyrkjegarden på Aukra.

↑ På det vakre kartet frå 1757 ↑ er kyrkja på Harbakken på Harøya teikna inn som einaste kyrkje ute på øyane. Hovudkyrkja på Aukra er næraste. Dei gamle steinkyrkjene på Giske, Veøya og Tingvoll er teikna inn, og også i Borgund og i Molde er det kyrkjer. 

Legg merke til at den nye byen Christiansund (kjøpstad 1742) er oppstått, men gamlenamnet Lille Fossen er for sikkerhets skuld også skrive inn! 

På dette kartet går stiftsgrensa ut i havet ved Vatne.

↑ I 1761 fortel kartet om kyrkjer på Harõen, Onen, Agerõe. Karta blir stadig meir korrekte kartografisk og topografisk. Hovudkyrkjene er her markerte med ein kross, medan dei mindre kyrkjene har fått ein strek. I Molde er kyrkja markert med raudt.

↑ Det vakre kartet frå 1774 viser Haroen ↑ som ein tydeleg del av "Nordõer" Stiftsgrensa skil ut den sørlegaste delen til Bergenhus stift, men det er uklårt ut frå kartet om dette er Uksnøya eller Myklebust - eller begge?? - Kyrkjene på Ona og Harøya er teikna inn, mens det ikkje er kyrkje på Sandøya på dette kartet. Det er teikna inn kyrkjer eller kapell på alle Nordøyane søretter, og det same gjeld Hustad, Bud og Vågøy i Fræna.

↑ På det spennande kartet frå 1785 ↑ står kyrkja på Harbakken på Harøya framleis tydeleg teikna inn, medan Sandøy/Ona er rekna saman som eitt. På Fjørtofta er kyrkja skrive som capel, medan kyrkja på Haramsøya er rekna som sjølve hovudkyrkja på Nordøyane. Det er også kyrkjer på Vigra, Giske, Borgund, Vatne, Skodje osv.

I ytre Romsdal er Aukrakyrkja teikna som hovudkyrkja, medan det også er kyrkjer i Bud, Vågøya, Molde, Bolsøya, Vestnes, Veøy og mange andre stader.

Fogderigrensa er tydeleg teikna inn og på grenseøya Harøya er Myklebust og Uksnøya plassert under Sunnmøre futedøme og Bergenhuus Stift.



I 1829 (sjå kartet under), om lag 20 år etter at gamle Harøy-kyrkja var riven, fortel kartet framleis om Harøens capel og markerer staden! Kan dette vere fordi det i forne tider også har vore ein mellomaldergravplass der, og at sjølv om kyrkja er borte så skal grunnen markerast? Like rart er det at Sandøykyrkja, som vart reist i 1812, framleis ikkje er markert på dette kartet frå 1829. Det tok tid å vende gamle tradisjonar - og oppdatere kart.


Framleis i 1847, nær 40 år etter at kyrkja på Harøya vart riven, er kyrkjestaden markert på kartet (kart over) - men i 1848 (kart under) er den borte, og Sandøykyrkja (bygd 1812) trer fram som den nye soknekyrkja. 

til Huse.

Framleis i 1870 (kartet over) ↑ formidlar kartet minnet om Kirkehougen på Harøya. Dette er også eit av dei første karta som viser den første vegen på øya; frå Røsok til Huse - samt gir ein del anna informasjon om øya.