Tusenårig 
øytradisjon broten

 

I tusen år har folket i Sandøy kommune sigla og rodd Harøyfjorden til dei andre øyane i øyriket i Romsdal. Hopehavet mellom folket utasunds 
har vore sterkt og nært. 
Det er derfor eit tidsskilje når folk på Harøya
og Finnøya no blir innbyggarar i nye Ålesund kommune. Men er det feil..?  Kanskje ikkje...

Sandøy kommune feira sist år sitt 150-årsjubileum - det aller siste jubiléet for dette heradet. Etter 150 år på eigen kjøl skal kommunen trekkast på land: Frå 2020 høyrer Sandøy kommune opp å eksistere og blir i staden del av den nye store Ålesund kommune - ei nyskaping som femner om kommunane Sandøy, Haram, Ørskog, Skodje og Ålesund. For øyane i ytre Romsdal inneber endringa brot med ein 1000-årig tradisjon og hopehav.

Tradisjonen er statisk, men samfunnet er dynamisk. Så er denne kommune-omskipinga så feil? Kanskje ikkje.. - men lat oss i alle fall utbringe ein siste skål for øyriket i Romsdal!

Slik det kan sjå ut i mars 2018 blir Harøya og Finnøya frå 2020 delar av Ålesund kommune, der tyngdepunktet sjølvsagt ligg på Sunnmøre. Det store fleirtalet av innbyggarane på Sandøya, Ona og Orten ønskjer ikkje å vere ein del av denne nye kommunen, og har søkt fylkesmannen om tilbakeføring til Aukra kommune - som dei var ein del av fram til 1866, og som dei meiner dei har mest hopehav med. Fylkesmannen har gjennom vinteren vurdert denne søknaden og vil venteleg kome med si avklaring om få dagar.

For mange i Sandøy kommune - også på Harøya - kjennest nok innlemminga i nye Ålesund kommune veldig rar, ikkje minst om ein sjekkar det opp mot historie, tradisjon, dialekt, kultur, folkelynne, kommunikasjonar osv. Ville Sandøy kommune sin første ordførar, Gåsøy-Pål, og andre gamle utasundingar snudd seg i grava om dei visste kva som skjer no? Eller ville dei meint at tidene forandrar seg; kommunikasjonane blir annleis, lokalsamfunna endrar seg - og ein må omstille seg og ruste seg rett for framtida sine krav og behov?

Er det i det heile tatt hensiktsmessig å legge særleg vekt på tradisjonen når viktige avgjerder om framtida for lokalsamfunna må takast? Er det ikkje ei pragmatisk haldning til dagens realitetar og samfunnsutfordringar som må ligge til grunn når nye robuste kommunar skal formast?

Sikkert... men det skadar i alle fall ikkje å kike seg attom skuldra ein augneblink… Kva viser historia? Kva tenkte og gjorde dei som i tidlegare tider levde i desse småsamfunna ved storhavet? Korleis organiserte dei seg? Og korleis vart dei organiserte? Korleis var kontakten med omverda? Kvar reiste dei? Korleis reiste dei? Kvifor reiste dei?

Åtting og tinglag

Før svartedauen, før reformasjonen, før eineveldet, før 1814 og før 1905 - har stordelen av Harøya samt øyane nordanfor alltid vore rekna som ein del av ytre Romsdal. Tradisjonen og samkvemmet er uendeleg langt. Dette er eit faktum.

Folk som budde på øyane som enn så lenge utgjer kommunane Sandøy, Aukra og Midsund har gjennom hundreåra hatt mykje med kvarandre å gjere. Dei har på mange vis blitt organisert saman, både i samfunnsmessig, rettsleg og kyrkjeleg samanheng – og har derfor også ofte forstått seg saman. Fjorden mellom øyane batt saman meir enn den skilde.

Dette var området for Sund åtting; ei eldgammal beredskapsorganisering med røter tilbake til vikingtid (skipreider). Heilt fram til i dag utgjer området Sund lensmannsdistrikt.

På same vis var bygdetinget i hundrevis av år lokalsamfunnet sitt formelle samlingspunkt; eit organ for lokalt sjølvstyre og ein lokal rettsinstans. Tingsamlingane var den tids «kommunestyremøte» og på same tid ein arena for styresmaktene sin kontroll og kontakt med bygdene. Etter kvart vart området som var omfatta av tingsamlingane kalla eit tinglag. For øyriket i ytre Romsdal følgde tinglagsgrensene med tida mykje godt dei same grensene som den gamle Sund åtting, eller Akerø prestegjeld.

Lokalt sjølvstyre ligg høgt i norsk bevisstheit, og desse samfunnsorgana batt saman folk i nærområdet og ga mynde til avgjerder som hadde verknad for bygdene. Under somme tidsperiodar kom bygdetinga saman fleire gonger i året. Tingsamlingane gjekk på omgang mellom småsamfunn utasunds. Frå 1700-talet vart Eidskrem ved Hollingen meir eller mindre fast tingstad for Sund tinglag. Desse institusjonane knytte folk i dette kystområdet saman - og skapte ei kjensle av tilhøyrsle. Folket i øyriket i Romsdal vart vande med å høyre til i Sund tinglag, Akerø prestegjeld, Romsdals Ampt og Trondhiems Stift.

Dei gamle etablerte skiljene kunne under somme tidsperiodar bli utfordra av storpolitiske hendingar, konfliktar og overeinskomstar. Ikkje minst gjaldt dét ei grenseøy som Harøya. Det er t.d. godt kjent at frå 1658 og halvanna år frametter gjekk grensa mellom Sverige og Danmark-Noreg over Harøya. Grensa låg fast då også, og følgte sjølvsagt den same delingslina og forvaltningsgrensa som hadde vore trekt opp mange hundre år tidlegare. Tydeleg og markant. I eit par år då tilhøyrte Harøya Sverige, medan Myklebust og Uksnøy heldt fram som ein del av Noreg. Dette gjekk føre seg på den tida då den vidkjende bondehøvdingen Store-Rasmus budde på Myklebust.

Menneska var knytte til sine grender og sitt lokalområde i ein års- og livsrytme som var annleis enn i dag. Men trass i tinglagsgrenser, prestegjeld og stiftsgrenser seier det seg sjølv at det likevel var kontakt mellom folk over grensene, og slik var det nok mellom Myklebust og resten av Harøya også. Grensa over øya kunne nødvendigvis ikkje vere hermetisk lukka. Det fanst stiar og råser og alt som var omflødd kom båten seg fram kring.

Gjennom 1700-talet heldt dei århundregamle styringsordningane og grenselinjene stand. Noreg var styrt eineveldig frå København, gjennom statthaldarar, amtmenn og futar. Menneska streva med livberging, var tynga av skattar, frykta framand krigsteneste og beva for prestemakta. Men den norske fridomstrongen hadde gradvis vakna - og kulminerte i 1814.

I båtane på kyrkjefart

Det kunne vere mange i båtane når ein tok laus på kyrkjefart. Foto: Nordmøre Museum 
Prestegjeld og kyrkjefart

Det var dei gamle prestegjelda som representerte den kyrkjelege inndelinga og desse ga føringar også for dei administrative grensene. I Romsdal var det opphavleg tre prestegjeld; Aukra prestegjeld for ytre Romsdal, Veøy for midtre Romsdal og Grytten for indre Romsdal. På det største strekte Aukra prestegjeld seg frå Røsok og Midøya i vest, innover mot Haukebøen, via Vågøya og Bud til Hustad og Farstad. Seinare vart grensene for Aukra prestegjeld justert ned, slik at dei kom til å femne om dagens kommunar Aukra, Midsund og Sandøy - og slik har det vore heilt opp til vår tid.

Både på Harøya, Ona (Husøya) og Sandøya var det små kapell frå lenge før reformasjonen. Soknepresten, som residerte på prestegarden på Aukra, hadde sine kapellanar til å sørgje for kyrkjelydane på øyane.

Myklebust og Uksnøya hadde frå gamalt vore ein del av Harham skipreide og tinglag, Borgen prestegjeld (Borgund) og Bergenhus stift. All orientering frå Myklebust og Uksnøya gjekk mot Haram og Sunnmøre. Opphavleg var Haram kapellani under Borgen (Borgund), men frå tidleg 1700-tal vart Harham prestegjeld oppretta (som først også inkluderte Vigra). På Fjørtofta stod det eit kapell, truleg reist før reformasjonen og rive 1878. Fjørtoft, Myklebust og Uksnøy var eitt kapellsokn under hovudsoknet Haram. Det er uvisst i kva grad Fjørtoft-kapellet var nytta til forordna gudstenester, men truleg brukte folk også på Myklebust og Uksnøy dette kapellet.

I eldre tider samla folk seg til messer i dei små kapella på øyane. Gamle segner fortel om menneska som kom frå Røsok og skulle til messe på gamlekyrkja på Harbakken på Huse: Når dei var oppe den lange remma til Korsbakken (ved dagens kyrkje) tok dei ein pust, såg den store krossen framme på berget ved gamlekyrkja - og dei krossa seg og sa fram eit Ave Maria der før dei gjekk vidare. Kanskje stod det også ein kross øvst ved sjølve Korsbakken? Slike krossar og små bønehus langs vegane var det mange av i katolsk tid.

Var det med bakgrunn i ein slik tradisjon at den nye kyrkja på Harøya vart bygd akkurat der i 1934? Eller var det kan hende først og fremst at den nye kyrkja skulle stå høgt og fritt midt på øya?

Folket langs grendene på Harøya heldt seg til sine sokn og prestegjeld for kyrkjeferder og kyrkjelege handlingar. Alle dei store kyrkjelege samkoma og alle gravferder var ved hovudkyrkjene. For dei fleste grendene på Harøya og småøyane betydde dette at kyrkjefolket heldt seg til Aukra-kyrkja, medan folk på Uksnøya og Myklebust drog til Haram-kyrkja på Haramsøya. Slik var inndelingane. Då måtte folk i båtane, med sine dåpsborn, med konfirmantar, med brudefølge og med sine døde – og sigle eller ro langt til kyrkje. Året rundt. I all slags vêr.

Frå Harøya tok dei truleg ut frå åttringstøene på Huse og Harnes og peila seg inn mot krossen på «Kjerkjeberget» ved Korsvika på Gossen, der dei følgde råsa over myrane til Aukra-kyrkja.

På sunnmørssida sigla dei frå Myklebust og Uksnøya til Ullanausta nord for Ytsteskaret (Kyrkjeskaret) på Haramsøya og gjekk over fjellet til gamlekyrkja på Haram. Var det godvêr gjekk dei leia gjennom Rognesundet og i havblikk kunne dei fare utom alle øyane heilt til kyrkjestøa. Då det kom ny kyrkje på Austnes i 1838 vart kanskje kyrkjeleia litt annleis?

Det kom ny kyrkje med gravplass på Sandøya i 1812. På Fjørtofta kom det gravplass i 1810 og ny kyrkje i 1878. Dette endra situasjonen for folk på øyane. No trengte dei i mindre grad gje seg ut på dei lange båtreisene til Aukra-kyrkja og til Haram-kyrkja, og kunne halde fleire gudstenester i sine nærare soknekyrkjer. Men likevel heldt kyrkjene i hovudsokna fram med å vere sentrale samlingsstader. Også konfirmantane måtte reise dit til all undervisning.

I 1906 vart det opparbeidd gravplass på Korsbakken på Harøya. På 1920-talet kom det gravplass på Myklebust - og i 1934 kom den nye kyrkja midt på Harøya.

Gjennombrotet for lokaldemokratiet

Lov om formænd for Præstegjeldene og Kjøpstaderne vart vedteke i Stortinget i 1836, sanksjonert av kong Karl Johan og tok til å gjelde frå 1837.
Formannskapslovene 1837

I 1837 kom formannskapslovene, som formaliserte og gav mynde til lokaldemokratiet. Dei nye lovene bestemte at landet skulle delast inn i formannskapsdistrikt. Prestegjelda skulle kome til å legge føringane for dei nye formannskapsdistrikta sine grenser (seinare vart nemninga formannskapsdistrikt endra til herad og endå seinare kommune).

For folk på øyane innebar formannskapslovene frå 1837 at storparten av Harøya, Finnøy, Sandøy, Ona, Orten og dei andre småøyane vart del av Akerø formannskapsdistrikt. Det same gjaldt Otrøya og delar av Midøya.

I Akerø skulle det til hausttinget på Tornes (den gong Aukra) i oktober 1837 veljast formenn og representantar frå kvart sokn til det nye Akerø formannskapsdistrikt. Stemmerettsalderen var 25 år, og berre den som eigde eller leigde matrikulert jord hadde stemmerett. Kvinner kunne ikkje stemme, og heller ikkje husmenn. Berre tre røysteføre møtte opp frå Sandøy sokn.

Av til saman 8 formenn og 24 representantar til det nye formannskapsdistriktet vart det plass til 1 formann og tre representantar frå Sandøy sokn - altså fire lokale representantar av eit totale på 32.

Sjølv om ordningane var nye, var dei geografiske realitetane dei same:
Med formannskapslovene vart områda på Myklebust og Uksnøya delar av Harham formannskapsdistrikt, og representantane måtte halde fram med båt til Haramsøya for å vere med på møta. Dét var det naturlege. Slik hadde ordningane alltid vore i tinglaga.

Avstandane i Akerø formannskapsdistrikt var også store, med opne havstykke. Representantar til dei nye formannskapa (namneendring frå formannskap til herad i 1853) måtte halde fram med lange ro- og siglereiser - i all slags vêr, året rundt – om dei skulle vere med på møta. I dårleg vêr ville det kanskje ikkje vere råd å kome seg av garde i det heile. Andre gonger kunne vêret slå om medan dei var på møta, og då kunne dei bli vêrfaste i mange dagar før dei kom seg heim att. Sjøreisene var farefulle, og det er fleire tragiske historier om uvêr og forlis under desse strabasiøse sjøreisene til tingsamlingar og til kyrkje.

Innsida av omslaget på bygdeboka Sandøy i Romsdal, skrive av Edvard Os. Mykje lokalhistorie i teikningane her...
Sandø herred

Representantane frå øyane var også i mindretal i Akerø heradsstyre og kjende på at deira interesser ikkje så lett vart høyrde. Fleire gonger hende det at saker var avgjort før representantane frå øyane hadde rukke å kome fram, og ofte vart vedtaka i disfavør av øybuarane.

Ordningane vart opplevde som tungvinte og eit tidsspille for fiskarbøndene, i ein travel arbeidskvardag der alle hender trongst. Folket på Harøya, Finnøya, Sandøya, Ona, Gåsøya, Orten og Lyngvær hadde derfor lenge ønskt å bli skilt ut frå Akerø herad.

I tillegg til alle praktiske vanskar såg kanskje øyfolket det også slik at det var betre at dei som budde på øyane sjølv fekk ta stilling til og avgjere kva som var tenleg for lokalsamfunnet. Som ein harøying sa det i ein diskusjon nærare vår tid: «Mei vil være før oss sjøle».

Dei som hadde stemmerett i Sandø sokn søkte første gong i 1861 om å få øyane skilt ut som eige herad. Søknaden vart handsama i Akerø herredsstyre, deretter følgde uttale frå lensmann Hagerup og fut Nannestad før den gjekk til amtmann Niels Weyer Arveschoug. Arveschoug styrte Romsdals amt (Møre og Romsdal fylke) eit halvt århundre (1853-1893), og påverka mange avgjerder. Han vart kalla «den gamle aristokraten». Arveschoug var ein prinsipiell motstandar av folket i Sandøy sitt ønske om eige herad, og sende negativ innstilling til Indredepartementet, som også avslo søknaden.

Åra etter følgde fleire grunngjevne søknader frå Sandø sogn. Akerø herredsstyre stilte seg open til søknadane, og kunne godta delinga om dei økonomiske sidene vart klårlagde. Embetsverket derimot - med lensmann, fut og amtmann - gjekk framleis imot søknadane - trass i at prosten Dick på Aukra støtta kravet.

Til sist miste folket tålmodet og i 1866 vart øybuarane samde om å sende ein mann med fullmakt til Kong XV i Stockholm - og dei valde då Paul Knudsen Gaasø. Han reiste sommaren 1866. Truleg var han innom Indredepartementet i Christiania med saka, og der hadde dei stadige søknadene gjort at byråkratiet såg på saka med nye auge. Paul Knudsen Gaasø fekk også eit møte med ansvarleg statsråd Manthey, som han gjorde eit godt inntrykk på. I Stockholm greidde greidde Paul Knudsen Gaasø å få kongen si underskrift på sjølvstyrebrevet. Deretter gjekk det raskt med godkjenning i Indredepartementet og sanksjonering av kongen i statsråd. Sandøy vart eige herad frå 1867.

Innbyggjarane og dei folkevalde i Sandø var no sjølve ansvarlege for styre og stell i det nye heradet. No skulle infrastrukturen i det nye heradet byggast, både fysisk og organisatorisk, og det nye heradsstyret gjekk raskt laus på utfordringane i øysamfunnet.

Alt i 1866 var skulestellet og fattigvesenet i Sandø sogn skilt frå hovudsoknet Aukra. Delinga frå Akerø hadde også reist vesentlege spørsmål kring m.a. ansvar og plikter for vegstellet. Dei første åra var vegstellet i Sandø framleis felles med Akerø, og det var forståeleg nok utbreidd uvilje mot at oppsitjarane frå øyane skulle gjere vegvedlikehaldsarbeid på Aukra, Otrøya og på vegar på fastlandssida i det gamle heradet (Julsundet). No vende merksemda seg mot å bygge den første skikkelege vegen på Harøya.

Då amtsskulen kom til Røsok på 1880-talet kom det til elevar både frå Akerø herad og Haram herad. Amtsskulen og lærarane der medverka til ei kulturell oppvakning og ga støyten til etablering av vinstrelag, samtalelag, skyttarlag, ungdomslag, turnforeningar, fråhaldslag og songarlag. Desse laga hadde medlemmer frå begge sider av fogderigrensa og fungerte som viktige katalysatorar i den nasjonsbygginga som gjekk føre seg frå slutten av 1800-talet fram mot og etter unionsoppløysinga i 1905.

I Sandøy sokn var folket mellom dei første i landet til å synge dei nynorske Blix-salmane i kyrkja og heradet var også det første til å ta i bruk nynorsk som offisiell målform i offentleg styre og stell, noko som var temmeleg radikalt på den tida.

I ei tid der alt kvardagsslitet ga ulike helseplager, og der ein ikkje rådde bot med mange sjukdommar, var helsestellet ei utfordring: Heilt til frampå 1900-talet var det ikkje fast doktor på nokon av øyane utasunds. Når folk vart alvorleg sjuke var det å frakte dei inn til byen eller vente på at ein lege skulle kome frå byen. Det kunne ta lang tid.

Først i 1924 vart det vedtatt å opprette legestilling for legedistriktet Nord-Aukra, Sør-Aukra og Sandøy, mot at legebustaden blei bygd på Aukra. Erfaringane frå spanskesjuka 1918-20 var dyrekjøpte, og folket på øyane trong doktor. Sommaren 1929 var legedistriktet oppretta og i funksjon, og dr. Riiber fekk innlagt telefon i bustaden sin. Først så seint som 1950 kom det helsesøster i legedistriktet. På den andre sida var ordninga med jordmor ei gammal ordning.

Sjølv om folket i Sandøy frå 1867 endeleg kunne styre seg sjølve var det slett ikkje alle som fekk vere med på styringa: Heilt sidan 1837 var det einast jordeigande med skjegg som hadde stemmerett og som sat i dei nyoppretta formandskapa og i andre styre og råd og fatta politiske vedtak. Husmenn og eigedomslause hadde ikkje stemmerett. Heller ikkje kvinner. Først i 1898 blei stemmeretten allmenn for menn over 25 år. Kvinnene fekk ikkje allmenn kommunal stemmerett før 1910, og først i 1913 stemmerett ved Stortingsval.

Sidan det trass alt har vore eit jamt framsteg i samfunnet, får vi tru at dei mannlege representantane til styre og stell på førehand drøfta sakene på heimebane og fekk viktige råd frå konene sine før dei samlast til møta! Kvinnene var aktive og samfunnsengasjerte over ein brei front; med kvinneforeiningar, sanitetslag, misjonsforeiningar, fråhaldsarbeid, redningsselskap, fiskarheimar osv., og dei var sjølvsagt viktige premissleverandørar heilt til dei endeleg også sjølve kom med i offentleg styre og stell.

Nye næringar i fiskar- 
bonde-grendene

Romsdal Fiskevegnfabrikk vart etablert på Røsok i 1914. Verksemda i fabrikklokala i sjøhusa i Røsokvika produserte fiskevegn. Denne verksemda vart seinare flytta til Molde. 
Ny industri

Med optimisme og inspirert av industrialiseringa vaks nye næringar fram i dei tradisjonelle fiskarbonde-grendene i den nye øykommunen. Mykje av denne tidlige industrien handla sjølvsagt om å samvirke med fiskerinæringa på ulikt vis.

På Røsok, der ein kunne spytte over grensa til Sunnmøre, oppstod i 1914 Romsdal fiskevegnfabrikk, som starta med å produsere fiskevegn i fabrikklokala i sjøhusa i Røsokvika. Denne verksemda vart flytta til Molde.

På Finnøya vart Nils N. Finnøy motorfabrikk stifta kring hundreårsskiftet. I 1903 laga verksemda den første norskbygde fiskebåtmotoren. Dette var firetakts forgassarmotorar, men etter ei tid gjekk ein over til glødehovudmotorar.

På Brunvoll starta brørne Andreas og Anders Brunvoll i 1912 Brødr. Brunvoll motorfabrikk.
Desse hadde henta inspirasjon og kunnskap hos Finnøy motorfabrikk og samhandla også med finnøyingane. Brunvoll produserte motorar og propellar for fiskefartøy og flytta i 1918 verksemda til Molde.

På Steinshamn starta Brødrene Sæbjørnsen i 1914 fiskehermetikkfabrikk. Frå 1917 vart verksemda lagt om til kvalfangst og kvalstasjon kombinert med sildoljefabrikk.

På Steinshamn byrja Paul Huse i 1915 med handel og omstilte seg til produksjon av tønner. Verksemda vaks jamt, og på hundre år har den vakse til den store industriverksemda I.P.Huse, som i dag har heile verda som marknad.

Det er interessant å sjå korleis gründerane på Harøya vende seg mot Romsdal og Molde når verksemda vaks og dei såg seg om etter nye marknader. Kanskje seier også dette noko om orientering og tilhøyrsle i eit grenseområde?

I Jørgen Olafsen-Holm sitt verk Romsdals amt - Møre og Romsdal fylke under kommunalt sjølvstyre (1937), skriv Elias Marøy om det nye heradet:

«Amtmann Arveschoug og andre autoriteter var imot denne delinga, då dei truleg meinte at desse fåmennte fiskarane her ute i havskjera ikkje greidde å stå på eigne bein kommunalt sett. […] Ved eit attersyn som dette må det segjast at fiskarfolket her ute hev makta etter måten bra den opgåva dei tok på seg ved delinga i 1866. Slitsamt hev det ofte vore. I det kommunale som i det private yrke. Men kommunen sitt beste aktivum hev vore den faste sjølv­hjelpsviljen og det sterke pågangsmodet hjå folket. Ein gav ikkje upp om «skadagar» og «svartfiskår» råka på. Frå barndomen - gjenom generasjonar - hev folket her havt trening i å kjempe mot vanskane. Slltsamt og sårt er det stundom - i storm og uver - ofte gjeng det på livet laust. men når godveret kjem stemner ein atter utover. […] For ei slik lita øykommune har det ikkje vore so lett å løyse alle samfundskrav som melde seg, men folket har vore vake, og det har vore mange gilde og framsynte menn med i det kommunale styre og stell. I alle større tiltak som har vore gjort gjenom åra, går det som ein raud tråd gjenom det heile: Samfundsgodene ut til alle, først til dei som sit laglegast til, og so til dei andre etter som ein makta det. Tek me for oss: Skulen. vegsaker, telefon, elektrisiteten og meir, so finn me tråden.»


Etter det Elias E. Marøy opplyser i 1937 - for over 80 år sidan - var det på det tidspunktet 11 busette øyar i Sandøy kommune, med eit samla folketal på 1354.

Men Myklebust og Uksnøya var ikkje ein del av dette. Politisk, administrativt, innan samferdsel, helse, utdanning, kultur, idrett og kyrkje var Myklebust framleis heilt og fullt Haram.

På 1880-talet vart det bygd ny skule på Myklebust. Snart etter vart det også bygd skule i Breivika, litt lenger nord på øya. I luftlinje er det svært kort mellom desse - men likefullt var det to ulike verder. Framleis var grendene på sunnmørssida og romsdalssida av øya på mange vis to åtskilde lokalsamfunn.

Kanskje var det eit signal om nye tider då den nye kyrkja på Harøya i 1934 vart reist midt på øya. Var plasseringa eit teikn på nytenking?

Leia var vegen

Å bruke båten var gjennom tusen år den naturgjevne framkomsten langs og mellom øyane. Båten vart brukt til alt. I helg og yrke. Til kvardags og fest. Det aller meste gjekk sjøverts. På bildet: Åttring. Foto: Norsk Maritimt Museum.
Sjøverts

Å bruke båten var gjennom tusen år den naturgjevne framkomsten langs og mellom øyane. Det aller meste gjekk sjøverts. Fram til midten av 1870-åra måtte folket på øyane for det meste sjølv ro eller sigle når dei skulle eit ærend til naboøyane. Skulle dei lengre, t.d. til Molde eller Ålesund, kunne dei anten bruke eigen båt og eiga rorskraft eller kjøpe seg skyss frå innleigde rorskarar, som i etappar gav skyss mot klekkeleg betaling. Nokre gonger kunne dei vere heldige og få «haik» med ei jekt eller seglskute som var innom øyane.

Den mislikte friskyssen, som hadde århundrelange tradisjonar i Noreg, forplikta fiskarbøndene til å skysse prester og andre embetsmenn. Dette tok svært mykje tid frå folk, som trong all tid til livberging. På 1800-talet vart skyssordningane regulert gjennom fleire lover. Frå tidleg 1800-tal skulle pliktskyssen gjerast opp mot kontant betaling, som embetsmennene seinare fekk refundert. Brevskyss kunne vere ei anna pålagt plikt der det ikkje var ordinære postruter.

Skyssordningane vart til sist harmoniserte gjennom Lov om skydsvæsen (1893). Då hadde det gjennom ein periode vakse fram offentlege båtskysstasjonar mange stader rundt i tinglaga. Sandøy fekk den første faste skysstasjonen på 1890-talet. Dette var likevel ikkje noko ordinært rutetrafikktilbod, og dei gamle skyssordningane var allereie i ferd med å bli henta inn av ei nyvinning som innebar ei stor omvelting for øybuarane: Dampbåtane!

Dampbåttrafikken
langs Mørekysten

Dampbåt-tida

Folk som lever i dag er vane med hyppige og effektive ferjesamband for øyane. Men i ein hundreårsperiode frå 1870 var alle øyar, grender og anløpsstader langs Mørekysten trafikkert av dampbåtar og seinare motorbåtar som heldt oppe eit svært omfattande rutenett. Denne kysttrafikken var del av eit finmaska rutenett som også omfatta alle fjordarmar i fylket. Det var mange båtruter og mengder av stoppestader langs små og store øyar, sund, viker, bukter og nes i Møre og Romsdal frå førre hundreårsskifte og fram forbi 2. verdskrigen. Frå 1960-talet forsvann desse og vart erstatta av bilferjer.

Dei fleste stader der det budde folk var det også rutebåtanløp. Men det tok si tid å kome seg til byen; ofte 8-10 timar for dei ytste anløpsstadane. Då hadde ruta gjort ein 15-20 anløp før den var framme. Og å kome seg heim att frå byen same dagen var det ikkje tale om før utpå 1920-talet.

Molde Dampskibsselskab si rute D/S «Molde» starta frå 1872 ruter på romsdalsfjordane og til ytre delar av Romsdal (fram til 1888). Sommaren 1875 starta båten med dei første faste utasundsrutene, m.a. til øyane i det nye Sandø herad.

Frå 1877 hadde også Det Søndmørsk-Romsdalske Dampskibsselskab faste anløp på Harøya i ruta mellom Ålesund og Nordøyane. Denne ruta var innom Myklebust med Steinshamn som stoppestasjon (nokre periodar heilt til Ona).
På Steinshamn korresponderte romdalsrutene og sunnmørsrutene, slik at reisande sørover eller nordover langs kysten kunne bytte dampbåt der. Steinshamn vart eit samferdselsknutepunkt.

Frå 1890-talet vart D/S Rauma i lang tid den faste utasundsbåten. År 1900 stilte Akerø kommunestyrelse seg positiv til søknad frå Romsdals Dampskibsselskab om å skjenke øl om bord på dampskipet «Rauma»(!).

Kring 1884 starta Nordre Søndmør Dampskibsselskap dei første dampskipa ordinære rutene mellom Ålesund - Nordøyane - fastlandet. Nørdste stopp på ruta var stoppestadane på Haramsøya, heilt ut til Ullahammaren.

Søndmøre Dampskibsselskap hadde frå rundt 1890 og fram mot 1920 to rutedagar for veka avgangar til Nordøyane, med stoppestadar Roald, Kjerstad, Haram, Austnes, Ulla, Flem, Longva, Davik, Fjørtoftvik og Myklebust.
I tillegg til dampbåtrutene trafikkerte også Hurtigruta frå 1898 strekninga frå Bergen og nordover.

I tillegg til desse rutene hadde Møre Skjærgaards Dampskibsselskab frå 1890-talet faste ruter frå Kristiansund til Molde og romsdalsfjordane, via ei mengd stoppestader langs Averøya, Hustadvika og ytre Romsdal. Romsdal Dampskipsselskab tok frå 1897 opp konkurransen på same strekninga, men ga opp etter få år.

Kristiansund var på 1800-talet og eit godt stykke inn på 1900-talet den suverent største og viktigaste byen i fylket, og kystbåtruta mellom Kristiansund og Romsdal vart oppretthalde av Møre Skjærgaards Dampskibsselskab inntil 1920, då Møre Fylkes Ruteselskap overtok ruta og heldt den i gang til 1959!

Dei tidlege dampskipsrutene hadde anløp berre to-tre dagar i veka, så dei som skulle på bytur måtte planlegge for eit lengre fråvere før dei kunne rekne med å kome seg heim att. Det kunne elles vere litt ujamt med regularitet og framdrift, og fram til 1909 var hjelpesegl påbode for dampskip.

Når Uveir eller andre Omstændigheder hindrer Udførelsen af nogen Route paa de bestemte Dage, vil den ikke blive udført. Passagerer man være formeredte paa, at Skibet ikke altid indtræffer ved Stoppestederne nøiagtig til de angivne Klokkeslet. Slæbning og smaa Afstikkere udenfor Route, der ikke forsinker Farten over et Par Timer forbeholdes under Routens Udførelse, heitte det i rutenplanen for D/S «Molde» si utansundsrute i 1886.

Dei nye statsunderstøtta damprutene fekk til å byrje med ikkje føre post, men dette vart snart endra og rutene førte etter kvart både post og andre varer, noko som vart ei stor forbetring for folk utasunds. Utover andre halvparten av 1800-talet kom det «postaabneri» langs mange av stoppestadane: Postopneriet på Aukra vart oppretta alt i 1859. Postopneriet på Sandøya kom 1. januar 1876, på Steinshamn 1. juli 1878 og på Myklebust i 1894. Tidlegare hadde det vore slik at andre skyssordningar kunne ta med post.

Når dampbåtane gjorde anløp på stoppestadane ankra dei opp, og ein måtte ro til med fløttbåtar for å hente og levere reisande og varer. Mange stader var det anlagt landgangsvòrer (som ein molo bygd opp av naturstein) for mindre båtar - men desse kunne ikkje dampskipa nytte. Det var først tidleg på 1900-talet at anløpsstadane fekk skikkelege dampskipskaier. Samtidig kom det telefonstasjonar på øyane og innover mot fastlandet.

Frå tidleg 1900-tal fekk rutebåtane etter kvart eksplosjonsmotor. Motoriseringa av passasjerbåtene var eit enormt samferdselsframsteg. I 1920 tok Møre Fylkes ruteselskap over ruter og skip frå dei tidlegare dampskipsselskapa. No vart rutene justerte og tilpassa.

Ruteskipet «Ålesund» trafikkerte strekninga Ålesund-Nordøyane-Utasunds-Molde. Skulle ein reise heile turen mellom byane tok det nær 10 timar! Til gjengjeld fikk den reisande sjå innom 17 stoppestader: Ålesund-Valderhaug-Roald-Kjerstad-Haram-Austnes-Longva-Davik-Myklebust-Steinshamn-Finnøya-Sandøya-Ona-Orta-Rakvåg-Aukra og Molde! Dei mange konkurrerande båtrutene og dei svært mange anløpsstadane gjorde at reisande kunne gå på land/gå om bord med ulike ruter.

Ruta ga først og fremt folket på Nordøyane og i Sandøy høve til å reise heimanfrå tidleg om morgonen og vere framme i Ålesund på formiddagen, med retur frå Ålesund vanlegvis kl. 16. Fire dagar i veka gjekk ruta til og frå øyane i Sandøy. Turen frå t.d. Steinshamn til Ålesund kunne ta opptil seks og ein halv time.

Frå 1924 gjekk ruta frå Ålesund til endestasjon Steinshamn. Det var ti stoppestader mellom Steinshamn og Ålesund. Frå 1930-talet hadde stoppestad Myklebust tur/retur til Ålesund alle 6(!) kvardagar, medan anløpet til Steinshamn var fire dagar i veka.

Etter 2. verdskrigen var det rute frå Ålesund til Myklebust og Steinshamn alle kvardagar og frå ca. 1960, også søndagar. Sjøbussen M/S «Haram» gjekk denne ruta. Denne båtruta var nedlagt i 1963, då den første ferjeruta Ålesund - Nordøyane vart sett i gang. I 1967 kom ferjerute Brattvåg - Nordøyane, og i 1970 vart Dryna kobla på dette sambandet (rute 22), slik ein kjenner det heilt fram til i dag.

Då det første ferjesambandet til Nordøyane kom i 1963 hadde det vore kontinuerleg rutebåt mellom Ålesund og Nordøyane, heilt til Steinshamn, sidan 1870-talet - altså i nær 100 år! Det er ikkje noko nytt med kontakt mellom romsdalsøya Harøya og Sunnmøre!

Steinshamn og øyane lenger nord i Sandøy kommune fekk frå 1924 eiga rute innover til Molde. I 1925 vart det for første gong lagt opp ei sommarrute der reisande kunne reise til Molde og returnere same dag. Då gjekk rutebåten klokka 5 om morgonen og var framme i Molde 10.15. Om ettermiddagen returnerte den frå Molde kl. 16 og var ikkje tilbake på Steinshamn før kring 21.15! Men dette var berre sommarrute. Det var først etter 2. verdskrigen det vart innført slike heilårlege dagsruter eit par dagar i veka. I lange periodar var det M/S Sira som trafikkerte strekninga. I ruteheftet heitte det: «Ona vert sløyfa i uvêr og myrke».



Frå 1931 trafikkerte også ei privat motorbåtrute med M/B Legona strekninga Molde - utasunds - Ålesund. Ruta gjekk på utsida av Harøya og hadde stoppestader både i Marøysundet og på Røsok. Martin Legernæs frå Molde var både reiar og skipper på Legona i 32 år. I motorrommet dunka den originale Finnøymotoren. Legona sin rutetrafikk var smidig og effektiv og irriterte MRF. MRF truga med å leggje ned rutetrafikken på øyane om ikkje handelsmennene slutta å støtte den private ruta - og konkurransen mellom ruteselskapa vart eit tema på kommunestyremøta i utasundskommunane. Legona si rute var likevel i drift heilt fram til 1962.

I 1952 vart sjøbussen M/S Bolsøy sett i teneste i Ytre Romsdal, og denne trafikkerte øyane fram til 1974. Nokre år før hadde moloen mellom Harøya og Finnøya kome, og no vart det sett i gang bilferjerute mellom Småge - Finnøya - Sandøya - Ona, som framleis blir trafikkert.

Vegar i grenseland

Det var ikkje vegar på Harøya før 1867. Den første skikkelege køyrevegen, mellom Røsok og Huse var begynt på rundt 1970 og stod først heilt ferdig med sidearm nokre år etter. Dette karet frå 1870 viser tydeleg vegen, men armen til Brunvoll er ikkje komen med. Kartet viser også veldig tydeleg grensa mellom Sandøy og Haram herad - på land og i sjø. 
Vegar

I året 1900 var det 57 kommunar i Romsdals amt (54 herad og tre bykommunar). Tolv av desse kommunane hadde ikkje køyreveg til nokon grannekommune. Delar av fjorten andre kommunar hadde køyreveg berre til delar av grannekommunane, men ikkje vegsamband vidare. I dei ytre stroka av fylket var det jamt ikkje nokon køyreveg i det heile. I dette omflødde området var det framleis båten som rådde fullstendig.

Ordføraren, fylkespolitikaren og fiskarlagsmannen Elias E. Marøy skriv i eit oversyn over Sandøy kommune (1937) at det før 1867 ikkje fantes vegar på Harøya eller dei andre øyane. Truleg var det berre råser mellom grendene.

Det var først i 1868, altså då Sandø herred nyleg var oppretta, at det vart vedteke å opparbeide ein skikkeleg veg frå Steinshamn til Røsok, med arm til Brunvoll. Dette vart den første skikkelege vegen på øya. Det må likevel ha vore ein langt eldre veg - kanskje ein kjerresti - frå Røsok-grenda og nordover mot Breivika, opp Remmabakken (Korsbakken) og framover mot Huse og Harnes (det ymtar kjeldene om). Denne ferdselsåra er vel truleg eldgammal.

I hovudtrekk var vegen frå Steinshamn til Røsok ferdig opparbeid på 1870-talet, men vølingsarbeidet gjekk endå føre seg i ein 20-årsperiode, til vegen med arm til Brunvoll stod ferdig opparbeidd i 1889. Den gongen var det fleire led og grinder etter vegstrekninga. Etter kvart kom det også små vegstubbar på dei mindre øyane i heradet.

Den korte vegparsellen frå Røsok mot Haram grense (Myklebust) gjekk det treigare med å opparbeide, og arbeidet vart fleire gonger utsett - kanskje var det heradsgrensene som gjorde utslaget..?

Kva så med vegar på Myklebust? I heile Harham tinglag var det tidleg på 1800-talet ikkje nokon offentleg veg, og enno kring 1845 var det ikkje registrert offentleg opparbeid køyreveg i Harham herad.

I 1877 vart arbeidet med den første bygdevegen på Myklebust ferdigstilt. Den gjekk frå den gamle tollstasjonen (flytta frå Rogne til Myklebust i 1819), gjennom Myklebust-tunet (Haugen) og i retning Sandø grense (Røsok). Vegen Steinshamn - Huse - Nordheim - Myklebust, på austsida av Harøya, vart først fullført på 1950-talet.

Opparbeiding av vegar og vedlikehaldsarbeidet på vegane i Sandø herad var fram til omkring 1916 eit felles ansvar i høve til matrikkelskyld i heradet. Det var pålagt grunneigarane som pliktarbeid om somrane og alle tok ansvar for dette.

I Sandøy kommune er det berre på Harøya det har vore naudsynt med kollektivtilbod på veg. Paulus Opstad hadde frå 1949 konsesjon på bilruta Steinshamn - Myklebust. Peder Knutsen («Buss-Peder») tok over rutekøyringa på Harøya i 1953 med Harøy Auto. Desse rutene korresponderte med båtskyssen til og frå øya. A/S Sunnmøre-Romsdal Billag (SRB) tok over bussrutedrift på Harøya frå april 1981.

Kring 1970 vart det bygd molo mellom Harøya og Finnøya. Då var det også på tale å forlenge moloen til Sandøya. Med veg til Sandøya og ei kortare ferje til Aukra ville kanskje tilknyting til Aukra og Romsdal blitt endå sterkare for øysamfunnet? Men det skjedde ikkje.

Ei ny tid i emning

Bilferja Harøy trafikkerte i mange år strekninga Småge - Orten - Sandøya - Finnøya -Ona. Måleri: Eivind Thingstad. 

Ein ny tidsbolk for øyriket tok til etter andre verdskrigen. Kontakten mellom kommunestyra i dei tre øykommunane Nord-Aukra, Sør-Aukra og Sandøy heldt fram. Dette var same prestegjeld, same lensmannsdistrikt (Sund), det var samarbeid om offentlege tenester og oppgåver og det var til dels samanfallande næringsinteresser. Samtidig kom byane nærare gjennom stadig betre rutesamband.

I september 1945 kom heradsstyra i Nord-Aukra, Sør-Aukra (Midsund) og Sandøy saman til det første ordinære fellesmøtet etter krigen. Møtet skulle opphavleg vere dagen før, men grunna storm måtte det utsetjast – som eit ekko frå tidlegare tider, då folk drog i opna båtar til møta i formannskapet.

Fellesmøtet drøfta tilsetting av lensmann i Sund og ga ein uttale om vinmonopol i Ålesund, og heradsstyra «..vil samrøystes råde ifrå at der vert oppretta samlag i Aalesund. Med den røynsle ein har frå dei tider då det var slike utsal i næraste byane våre, må ein så sterkt ein kan mæle imot at slike utsal vert opna på nytt. Omsynet til dei unge og framtida for folket vårt krev at rusdrykken vert halden mest mogleg borte frå by og land».

Dei tre ordførarane Knut Orø, Ole A. Hegdal og Elias Marøy skreiv under.

Ny kommuneinndeling 1965

Allereie i 1946 vart Kommuneinndelingskomiteen (Schei-komiteen) oppnemnd. Komiteen arbeidde med utkast til endringar i kommunegrensene. Det var ønskje om ei forenkling og tilpassing til ei samtid der utviklinga frå vatn til veg skaut fart. Vegar og bilar tok stadig meir over for båten. Komiteen gav tre store innstillingar. Desse la grunnlaget for den nye kommunelova som kom i 1954, og for den store kommunereforma som kom i 1964. Talet på kommunar i Norge vart då redusert fra 747 til 454.

Eitt av framlegga frå komiteen var å la Myklebust og Uksnøya i Haram bli ein del av Sandøy kommune.

Dei som hugsar tilbake til så nyleg som 1950/60-talet veit at avstanden mellom Myklebust og grendene elles på øya framleis var ganske stor. Det var to verder i det daglege. Dei to samfunna på kvar si side av Harøyburet hadde framleis kvar si tilknyting: styre og stell, skule og helse, lag og organisasjonar, frivillig arbeid, idrettslag osv.

For Myklebust var det likningskontor på Fjørtofta, kommuneadministrasjon på Haramsøya (seinare Brattvågen), eldresenter på Haramsøy og kyrkje på Fjørtofta.

På 1950-talet vart det bygd ny skule på Myklebust, den førre var bygd på 1880-talet. På same tida kom det også ny skule på Huse. I Sandøy vart kommunestyremøta tradisjonelt haldne vekselvis på Harøya og Sandøy - men ofte møttest representantane på halvvegen, på Finnøya, og heldt møta der. Frå Myklebust reiste representantane til Haram til politiske møte og andre ærend.

I 1957 vart den nye fotballstadion til Myklebust Idrettslag i Hørvedalen opna. Då vart det arrangert fotballturnering. Ved sida av arrangøren, Myklebust Idrettslag, var dei gjestande deltakarlaga Fjørtoft IL og Harøy Turn og idrettslag. (Jens Myklebust skildra dei dramatiske samanstøytane under turneringa i sin underhaldande blogg).

Men samkvemmet mellom folket i grendene på Harøya auka. Vegane vart betre og fleire. Fleire fekk seg bil og moped. Rutetrafikken med Harøy Auto tok seg opp. Mange frå Myklebust tok seg arbeid på dei store fabrikkanlegga på Steinshamn. Det vart meir samarbeid mellom lag og organisasjonar.

Jens Myklebust har omtala korleis det låg an då Myklebust og Uksnøya i 1965 vart overført frå Haram kommune til Sandøy kommune:

«Man vet hva man har, men vet ikke hva men får, var det mange som sa. For Myklebust sin del så var det helt selvfølgelig at vi burde tilhøre Sandøy Kommune, men de eldre i bygda protesterte på det sterkeste mot denne sammenslåingen. Det verste av alt var at de hadde ingen kloke argument mot det nye forslaget, men deres mottrekk var å true med å flytte fra stedet. Vi som da var ung syns dette var helt latterlig. […]

Bygda gjennomgikk en stor krise denne perioden, og det var tendenser til splittelse i folket. Det ble gjennomført en privat folkeavstemning i bygda og resultatet vart 87 stemmer mot sammenslåing og 12 stemmer for, noen blanke stemmer og noen lot være å stemme. I 1958 konfirmerte en gutt seg i Harøy kirke, og han ble regnet som den reneste desertør.

Det var harde tider da denne sammenslåingen ble vedtatt, og at voksne mennesker kan til de grader bli så urasjonell er helt utrolig. […] I dag er alle enig i at denne kommunereguleringen var riktig, og til det beste for folket».

I ein artikkel i Romsdals Budstikke i 1953 vart fleire myklebustingar intervjua om overføring til Sandøy kommune: Dei fleste var imot samanslåing. Dei var samstemte i at «sandøyingane var bra folk og særs gode naboar, men fogderigrensa var vanskeleg å stige over».

Ein samla kommune

Så gjekk det som det gjekk. Folket i grendene i Nye Sandøy kommune vart gjennom tiåra frå 1965 gradvis samansveisa - både administrativt og i folkelivet. Det vart eit lukkeleg samliv. I 2009 låg kommunen jamvel heilt på topp i landet i ei stor levekårsundersøking frå Statistisk Sentralbyrå.

Så kvar går (Nordøy-)vegen vidare?

Harøya har alltid vore - og er kanskje framleis - eit overgangsområde. Det er ikkje berre dialektane som har vore ulike mellom Myklebust/Steinshamn/øyane lenger nord - mange vil også hevde at tradisjonar, mentalitet, orientering og tenkjemåtar har vore ulike. Det er ikkje berre folk på Sandøya, Ona, Orten og Finnøya som opplever det slik - også mange harøyingar kjenner på ei tilhøyrsle til Romsdal. Grenseskiljet mellom Sunnmøre og Romsdal over Harøya gjennom hundreåra har derfor vore reelt.

Fiskarlagshøvdingen Elias Marøy, som vaks opp på Marøya, eit notkast frå fogderigrensa inn i Søndmøre og Bergenshus stift, skriv i diktet Romsdal frå samlinga Vers frå gløymeboka slik:

«Opp av hav stig blåe tindar,
kvite bre i sylvglans skin,
når me kjem med friske vindar
siglande frå havet inn.
Det er Romsdals fagre fjell
strålande i kveldsoleld.

[…]

Det gjeng båror i vår bringa
når me gjennom Julsunds port
let vår stamn og styre svinga
mot eit venleiksrike stort.
Skogluft andar oss imot
ifrå bygd ved fjellets fot.»

Tilknytinga til Romsdal var reell.

Men skiljet skal heller ikkje overdrivast. Det er ikkje tette skott, verken mellom kommunar, fogderi eller menneske. Det veit folket på øyane betre enn nokon andre. Det er lett å tenkje seg at grensene har vore noko som er streka opp av makta, og at den ikkje har hatt all verda å seie i dagleglivet til vanlege folk. Ulike styreordningar måtte ha ei geografisk forankring og utstrekning, men i kvardagen betydde kanskje dette mindre? Folk var praktisk innstilte og nytta dei mogelegheitene og tilboda som fantes. Harøyingane reiste vel like så godt til Ålesund som til Molde når det var noko som skulle ordnast, i alle fall etter at dampbåtane byrja å trafikkere for 150 år sidan.

Tradisjonen er sterk og statisk, men samfunnet dynamisk… Så kva er det som no gjer at ein med eitt skal bryte opp utgamle øy-tradisjonar og flytte på både kommunegrenser og fogderigrenser?

Det enkle svaret er sjølvsagt at landevegen har erstatta sjøreisa. Bilen har erstatta båten. I dette aktuelle tilfellet er det Nordøyvegen som slettar skiljet og bokstavleg tala opnar opp mellom Romsdal og Sunnmøre. Det er eit ufatteleg framsteg at Harøya og Finnøya no får fastlandssamband og noko det nesten ikkje er råd å vere imot. Den gode Gåsøy-Pål kunne vel knapt førestille seg at det eín dag skulle bli råd å køyre på veg frå Finnøya til Ålesund… Med det nye vegsambandet er det kanskje det einaste fornuftige at Harøya og Finnøya no blir del av den storkommunen øyane blir landfaste med.

I tillegg peikar sjølvsagt samfunnsplanleggarar og politikarar på at større kommunar tvingar seg fram: dei er heilt naudsynte for å halde oppe eit robust og profesjonelt tenestetilbod til innbyggjarane, hevdar dei.

Kva ulikskapar som enn måtte finnast mellom dei ulike øyane og grendene i Sandøy; det er dei politiske realitetane som gjeld, den politiske makta som rår. Og slik må det vere. Folket i Sandøy kommune - gjennom sine valde kommunestyrerepresentantar - har tala. Er det ikkje dette som heiter representativt demokrati? Lokalpolitikarane er folket sine ombudsmenn, folket sine tenarar. Dei har plikt til å representere alle veljarane sine i heile kommunen. 

Så må ein skjøne at folket på Myklebust (fram til 1965 del av Haram kommune) sjølv etter over 50 år i ein romsdalskommune framleis kjenner seg som ekte sunnmøringar. Og at folk på Ona, Sandøya, Orten og Finnøya stadig kjenner seg som skikkelege romsdalingar. Også på Harøya er det nok mange som framleis kjenner seg som romsdalingar..

Men kor mykje har det eigentleg å bety i det daglege om kommunen heiter Ålesund, Molde eller Aukra - så lenge folk som bur på øyane får det tenestetilbodet dei forventar og fortener?

Ivar Aasen sa det slik: «Lat oss ikkje forfederne gløyma under alt som me venda og snu… for dei gav oss ein arv til å gøyma, han er større enn mange vil tru»

Ivar Aasen sa ikkje at vi skal la vere å 'venda og snu' - men lat oss i alle fall vere bevisste på og ha respekt for den historia vi ber med oss. Dét er også ein del av fornyingsprosessen.