Amerikafeber!

Harøyingar ´over there´ 
omkring 1905

Rundt 1905 reiste bestefar 
Anton frå Harnesmyra til Amerika for å tene seg opp pengar. 
Han reiste saman med broren Olaf
og truleg fleire andre harøyingar. 
Sannsynleg reiserute: 
Harøya - Bergen - Liverpool - Boston. 


Dei reiste frå ein myrbrun og mager heimstad..
..strevsamt arbeid på karrige jordflekkar.
...slitsamt fiskeri
Avgjersla var tatt:
– Vi siglar til Amerika, karar!
..til vener og kjende 
på andre sida av havet..
Småbyen Potlatch i Idaho vart bygd opp 
i samband med tømmeraktiviteten 
i området, som tok til først på 1900-talet

Ei ny jarnbanestrekning
 vart bygd for å frakte tømmeret

Her arbeidde fleire harøyingar som tømmerhoggarar

"One of our logging camps"
Tøft kroppsarbeid og butilhøve 
på nybyggarvis.. 
"The lumber jack at home.."
Tøffe buforhold for barske tømmerhoggarar
"Pioneer homes in the forest lost ground.."
Nybyggarar måtte vike for industrien. 
The Potlatch Lumber Company 
tok over området..

..og bygde opp ein av dei største furutømmer-fabrikkane i verda

The Washington, Idaho & Montana 
Railway Company, estb. 1905, 
trafikkerte ruta.
Harøyingane i Amerika klarte seg bra..
Heime i gamlelandet igjen vart det skipa til mottakingsfest på gamle Vonheim..
Stor fest..
Harøy songarlag i 1912

Kjempestor fest...


...slik endte bestefar Anton si reise i The New World. Etter sju år som tømmerhoggar, snikkar og laksefiskar i Amerika, vende han heim igjen til Noreg -gifta seg og busette seg på Steinshamn – han reiste aldri tilbake til Amerika. 

...Men broren, Olaf Myers, slo seg ned i Portland i Oregon, gifta seg der, etablerte eige byggefirma og levde i Amerika til sin siste dag.