Møre på kartet

Gamle kart som guide
til vår lokale fortid

Omkring 1530 kom dei første kjende karta der mørekysten er skildra. Dei neste hundreåra følgde mange detaljrike og informative kart frå dette vêrharde og opprivne kyst- og fjordlandskapet i nordvest. Bli med på ei 500 års kartografisk reise gjennom Møre og Romsdal si historie. 

OBS: Lesaren blir anbefalt å lese artikkelen på ein stor dataskjerm! Då får ein størst utbytte av å studere dei gamle, spennande og detaljrike karta!


På 15-1600-talet vart mange kart brukte av hollandske sjøfolk, som i denne tidsperioden byrja hente tømmer i dei norske kyststroka; den såkalla hollendertida. Då vart kart å navigere etter viktige.

For sjøfolk og handelsfolk har sigla leia langs mørekysten i uminnelege tider. Thule kalla grekarane og romarane området ytst mot nord. Geografen og oppdagaren Pytheas skal ha reist til Thule omkring 330 f.Kr. I følgje han låg Thule seks dagars siglas nord for Britannia, og han skildrar både midnattssol, islagt hav og nordlys – kanskje var det Nord-Noreg?

Sagalitteraturen (skriven ned omkring 1200) er den seinare kjelda om Noreg frå folkevandringstida og fram mot høgmiddelalderen. Der er dramatiske skildringar frå talrike hærferder og slag i det norske landskapet. Kunnskap om korleis vanlege folk levde langs kysten i det norske middelaldersamfunnet har vi også m.a. frå italienske Pietro Querini, som i 1432 lei skipbrudd og til sist dreiv i land ved Røst. Frå januar til mai budde han mellom fiskarbefolkninga og skreiv ned det han såg og høyrde.

Kart

Det er Kartverket som på sine nettsider presenterer ei rekkje historiske kart over Noreg (Kjelde for alle karta i artikkelen: Kartverket). Noko av det mest spennande med karta er at ein kan "zoome inn" til ein får ein nærbilde av sitt distrikt eller si bygd. Mange av karta har ei så høg dataoppløysing at ein ved å forstørre kan få informasjon om ei mengd detaljar. Mellom anna kan ein sjå: 

Korleis kartteiknarane oppfatta avstandar; korleis administrative og kyrkjelege inndelingar var; korleis fjell, fjordar, elvar og øyar vart oppfatta; kvar det var mykje skog; kvar dei mange vass-sagene låg; korleis topografien vart tolka; kvar det var kyrkjer og kva type kyrkjer det var; når byane vaks fram; kva næringsvegar som var typiske; informasjon om jakt og fiske; korleis folk kledde seg; korleis stadnamn og personnamn vart skrivne og endra seg over tid; litt om seglskuter og sjøtrafikk; kvar den indre leia gjekk og mykje meir...

Ofte er dei handteikna karta reine kunstverka i seg sjølve. Ikkje berre finst ei mengd detaljar på sjølve kartet; i tillegg er det ofte laga teikningar og skildringar som utdjupar og forklarer det som kartet viser. Nokre gonger er dette også supplert med ein utførleg tekst (på latin eller dansk) som gjer greie for områda på kartet. Det må ha ligge til grunn eit nært samarbeid mellom lokalkunnskap, kartograf og teiknar for å skape eit så vakkert sluttprodukt som desse karta er.


Før reformasjonen i Noreg (1536) var det ikkje teikna mange kart av landet. Dei få som fantest, plasserte Noreg i aust-vest-retning. Jakob Ziegler sine nordenkart frå 1532/36 er dei første kjente karta som plasserte Noreg i nord/sør-retning. Ziegler skal ha fått informasjon om Skandinavia frå det nordiske katolske eksilmiljøet i Roma. Mellom desse var den siste norske katolske erkebiskopen Olav Engelbrektsson – som leia det siste Riksmøtet, i Bud i Romsdal i 1533. Fiskeværet Bud var den gongen største handelsstaden mellom Bergen og Trondheim.

↑Det spennande og detaljrike kartet Carta Marina (øvst i artikkelen↑) blei teikna i 1539 av den svenske presten Olaus Magnus. På det fargerike og mytiske kartet kan ein sjå interessante skildringar frå natur- og folkeliv samt my(s)tiske vesen og førestillingar frå folketrua. Kartet er misvisande sett med moderne kartografiske auge, men i samtida var det eit framsteg å framstille så detaljert dei forskjellige landskapa. Ein kan kjenne igjen mange lokale område; m.a. finn ein Giske på Sunnmørskysten og Fosen (Kristiansund).

Møre og Romsdal på kartet

Korleis vart området som skulle bli heitande Romsdals Amt (Møre og Romsdal fylke) innteikna og oppfatta mot slutten av middelalderen og inn i nyare historisk tid? 

På kart frå 1500-1600-talet blir det etter kvart lettare å kjenne att topografien i regionen: Øyar og nes, fjordar og fjell får namn og plassering, sjølv om mykje framleis var nokså forteikna. 

Mange av dei tidlege karta vektlegg kvar det var kyrkjer. Kanskje var kyrkja sjølv ofte oppdragsgjevar for kartteiknarane? Det trongst oversikt over soknegrenser og stift. Kyrkja eigde store område og rådde over tiend og delvis landskuld. Det var viktig å halde oversikt over grenser og samfunnsstruktur.  

↓ Omkring 1650 kom eitt av dei første meir detaljerte karta; eit handteikna kart over Trondhjems Stift  ( ↓ Kartet under) som viser m.a. kyrkjene i Nordmøre og Romsdal, som frå gammalt var ein del av Trondhjems stift (Sunnmøre høyrde opphavleg også til dette stiftet, men vart frå 1622 høyrande til Bergens stift). På dette kartet er kyrkjene markert med raudt på ulikt vis, etter kor viktige dei var i det kyrkjelege hierarkiet. Soknekyrkjene er markerte med tårn og spir, medan andre kyrkjer er markert med ein sirkel og ein kross. Somme kyrkjer er markerte berre som ein sirkel. 

Det siste gjeld kyrkjestader i m.a. Øksendal, Vistdal, Mittet, Rødven, Rød, Molde, Vågøya, Harøya, Ona. Kan denne symbolbruken bety gamle, mindre stavkyrkjer? Kapell?

Det er slått fast at det har stått stavkyrkjer på 53 av dei vel 70 dokumenterte kyrkjestadene i Møre og Romsdal i mellomalderen. Berre tre av desse stavkyrkjene er bevart. 12 av dei gamle kyrkjene finst det ikkje bygningsmessig informasjon om i det heile (papirkyrkjer) – mange av dei kan ha vore stavbygde. Ved sidan av fleire av kyrkjene på Veøya, gjeld dette dei forsvunne kyrkjene frå Uksvik (Stranda), Sylte (Norddal), Voll (Rauma), Harøya, Sandøya og Ona (Sandøy), Kanestraum (Tingvoll), Ulvund (Sunndal) og Hov (Sunndal). Lokalt er det bevart gjenstandar som har vore i bruk i desse kyrkjene.  

I Vistdal vart det i 1660-åra bestemt å byggje ny kyrkje, til erstatning for den gamle stavkyrkja på Nerland, lenger oppe i dalen. Den nye krosskyrkja stod ferdig på Myklebostad i 1668 (riven 1869). På 1650-kartet er det merka av for kyrkje på Mickelbostad. Kan dét indikere at dette kartet er laga noko seinare; rundt 1670?

På Rød i Nesset stod ei stavkyrke reist før 1490, riven i 1885. Den står merka av på dette kartet. I Øksendal stod ei krosskyrkje bygd før 1309. På Sylte i Tresfjord stod det rundt 1600 truleg to kyrkjer. Langkirka på Løken (Lochen) i Sunndal ble ødelagt av ras i 1646. På dette kartet er kyrkja teikna inn. 

I kjeldene til Vågøy kyrkjestad i Fræna blir det fortalt om kyrkja at ..Den var i følge besigtigelse av 1661 en stavbygning, da det sies at «4 Kirchestaffuer ehre meget ilde fahrne Neder ved Jorden. Kirken havde et Taarn, som da skulde fornyes, eftersom det i «Storm og Uveir ryster og raver, saa at ingen tør neppeligen i Kirken.. Stavkyrkja på Vågøya blei truleg rive mellom 1661 og 1700 og det vart bygd ei ny krosskyrkje.

I tillegg til dei dokumenterte kyrkjestadane finst det indikasjonar på mange udokumenterte kyrkjer i Møre og Romsdal. I hovudsak er desse indikasjonane knytte til namn, tradisjonar og segner.

Eitt av dei første 
meir detaljerte karta 
over Trondhiems stift 
vart laga omkring 1650.

Nordmøre og Romsdal
er del av dette stiftet.

Romsdals Amt på 1600-talet

Siste halvpart av 1600-talet var ein dramatisk periode også i det området som etter kvart skulle kome til å bli heitande Romsdals Amt (Møre og Romsdal fylke):
I 1648 hadde Fredrik III kome til makta i kongeriket Danmark-Noreg, og den nye kongen vart hylla av stormennene under kongehyllinga i Christiania samme året.

Gjennom 1600-talet var Danmark-Noreg på den eine sida, og Sverige på den andre, involvert i stadige krigar. Krigen 1657-1660 vart vunne av svenskane, og ved Roskildefreden i februar 1658 blei Trondhjems Len med Nordmøre og Romsdal lagt under det svenske riket og styrt av ein svensk guvernør. Unge menn i distriktet vart utskrivne til svensk krigsteneste. Dermed følgte den formelle nasjonsgrensa mellom Noreg og Sverige futegrensa mellom Romsdal og Sunnmøre. På kysten gjekk grensa tvers over Midøya og Harøya. Men alt seinhaustes 1658 vart det fredsslutning og slutt på svenskestyret.

Kanskje var det dei mange krigserfaringane med følgjande økonomisk krise som gjorde at Fredrik III i 1660 gjennomførte eineveldet gjennom eit statskupp, og gav seg sjølv uinnskrenka makt? Kongen vart "han far sjølv" for undersåttane - også for fiskarbøndene på Møre.

Sidan høgmiddelalderen var det som var av dyrkbar jord på Møre anten kyrkjegods, adelsgods eller krongods. Bonden var leilending. Havet var fritt, men væreigarar styrde fiskeria. For den jamne fiskarbonde handla mykje om landskyld og tiend. Økonomisk var folk flest prisgitt kongar, erkebispar og stormenn. Futar og andre oppkrevjarar sørgde for å drive inn skulda. Alle slags gåver, frå gardar til gjenstandar vart gjevne til kyrkja, for å sikre frelse for sjela – og velvilje frå presten.  

Dette var på den tida bondeopprøraren Rasmus Engelbrektson Myklebust (1595-1666) eller Store-Rasmus på Myklebust på Harøya var aktiv i strid mot futevelde og korrupte embetsmenn. Store-Rasmus fekk smake korleis det var å kjempe mot makta, og endte sitt liv som tukthusfange på Akerhus. Alt dette teier 1650-kartet om - men det viser den nordlege halvparten av ein region som frå 1689 skulle danne ei ny eining under namnet Romsdals Ampt

↑  I 1692 var det handteikna kartet Præfectura Nidrosiensis Vulgo Trundhiems Ampt laga (kartet over – Kjelde: Kartverket). Kartet viser heile Trondhjems stiftamt, inklusive nokså detaljerte teikningar av futedøma Nordmøre og Romsdal, som var delar av underamtet Romsdals Amt og sorterte under Trondhjems stiftamt (futedømet Sunnmøre var også ein del av underamtet Romsdal, men sorterte på denne tida under Bergens stiftsamt).

Kartet er langt meir detaljert enn 1650-kartet når det gjeld topografien i området; det viser terrenget og har innteikna skogar, elvar og vatn. Kartet er også langt meir detaljert på stadnamn i området, kanskje for å vise kvar det er sager? Kyrkjene er også teikna inn. Framleis er dei kartografiske proposjonane nokså forteikna, men samstundes hakket meir korrekt enn 1650-kartet. 

↓ På venstre sida av dette kartet er det skrive ei nokså omfattande skildring av dei forskjellige landskapa og lokalsamfunna innanfor stiftsamptet. Teikningar viser typiske næringsvegar i tida og gir informasjon om korleis folk kledde seg, kva utstyr dei arbeidde med osv. Ei seglskute under fulle segl er også teikna inn.


Oppgangssagene på kartet

↓  I 1709 kom Carte over Bergens; Trundhiems og Nordlands Districter* ↓, som viser kyst-Noreg i eit vest-aust-perspektiv. Også på dette kartet blir fjell og fjord tydeleg teikna inn, men kartet er meir stilisert.  Alle kyrkjer er nøye teikna inn, og i tillegg viser ei mengd små raude ringar kvar det er sager. Ytst mot kysten er det få, men mange innover fjordane. Marknadsplassane er merka med raude trekantar.

*Kartet er merka som teikna av Poldevin. I ei nyare blyantnotering på kartet står det at kartet truleg er ein kopi, teikna etter Jonas Ramus og Joachim Frederik Ramus sine kartarbeid omkring 1690. Jonas Ramus var fødd på Aukra prestegard i 1649 og vaks opp der. Han hadde difor første hands kjennskap til geografi og topografi i området.

Dette kartet er knytt til tidsbolken den vesle istida, med misvekst og avlingssvikt. Berre fiskeria kunne i gode år kunne mette befolkninga. Øyane på mørekysten var no for lengst tømt for den kraftige furuskogen som hadde kledd dei ut gjennom middelalderen. Tradisjonen seier at skotske seglskuter alt på 14-/1500-talet kom til øyane. Der ute vart tømmeret hogd på rot og skipa ut som rundtømmer. Etter kvart kom dei hollandske seglskutene til å dominere, og desse henta plank frå vassagene inne i fjordane.

Først på 1700-talet rasa den Store Nordiske krigen, og den dansk-norske krigsflåten trengte sjøfolk og soldatar. Tidene var vanskelege og unge møringar verva seg. Kadetten Peter Wessel Tordenskiold i Trondhjem sigla forbi Møre på veg sørover til krigsteneste i Danmark.

Krigen kosta, og i perioden 1700-1720 selde kongen om lag 600 kyrkjer til private. I løpet av dei neste 150 åra vart kyrkjene kjøpt tilbake. ↓ På kartet frå 1709 er kyrkjene tydeleg teikna inn med lik symbolikk: Frå dei ytste, på Brattværet og Grip, Ona og Sandsøya – steinkyrkjene på Tingvoll og Giske (merkeleg nok er ikkje Veøya teikna inn..) – til alle kyrkjene innover fjordane. I 1700-talskyrkjene heldt kapellanane messe, medan kyrkjelyden tygde på den nye våtsnusen og fretta nytt på kyrkjebakken.

1709-kartet viser dei mange sagene som var i verksemd i alle fjordarmar

Kring 1750 er for første gong Aalesund teikna inn på kartet, med veksande busetnad kring Aspevågen 

I kjølvatnet etter Kong Christian IV

↑  I 1733 var kong Christian VI av Danmark-Noreg på ei av sine sjeldne reiser, då han gjorde si einaste reise til Noreg. Det var ei rundreise i Sør-Noreg, og gjekk frå Christiania til Trondheim, medan han sigla sørover langs kysten, der han besøkte m.a. Lille Fosen (Christiansund), Bud og Ålesund. Grunna dårleg ver låg kongen og følget ei lita veke i Ålesund før dei held fram. ↑ Kartet Grense Carte over Norge og Kongens Reise-Tour, som vart laga ein gong kring 1750, viser kongen si reiserute ↑. Han sigla etter den indre leia. 

Reisa var ei storhending, som vart grundig dokumentert av skrivarar og teiknarar som reiste med. Ikkje sidan Christian V var på gjennomreise i 1685 og Fredrik IV i 1704, hadde kongen vitja desse delane av landet. Kongereisa festa seg i folkeminnet og vart opphavet til mange historier og segner, særleg på Sunnmøre.

Den alvorstyngde og pietistisk innstilte kongen opplevde at folk måla svarte krossar på dørene sine og stod langs kongeruta og sukka høgt, for å vise at dei strei under hardt arbeid og kristeleg tungsinn.

Ikkje før det frie Noreg fekk eigen konge, i 1905, skulle ein konge over Noreg igjen besøke desse områda i landet.


Kyrkjetukt

Allereie Christian IVs kirketuktsforordning fra 1629 fastsette ein utførleg straffeprosess mot alle som forbraut seg mot denne. I 1735 kom Sabbatsforordningen. Den gjorde det ulovleg å ikkje kome til søndagsmesse. Alle måtte stille. I det vanskeleg framkommelege Romsdals Amt blei dette krevjande for mange, som anten måtte sigle, ri eller gå langt for å kome til messe.

Sabbatsforordninga baud også at det skulle vere gapestokk framom alle kyrkjer i Noreg. Gapestokken låste hovud og hender og vart nytta til å stille personar som hadde forbrote seg til spott og spe for allmugen. Truleg hadde det vore slik gapestokk ved dei fleste kyrkjestader alt frå tidleg på 1600-talet.

Kyrkjene var ikkje berre samlingsplassar for religiøst liv, men fungerte også som møtestadar for å frette nyheiter, slik torga fungerte i byane. Kanskje kan ein tenkje seg at utsendingar frå ytre og indre strok møttes ved soknekyrkjene for å utveksle viktig informasjon?

Makt

Kyrkja og prestane fekk jamt meir makt utover 1700-talet, då også pietismen med sitt inderlege andaktsliv og strenge livsførsel la eit alvor over allmugen.
Sabbatsforordninga i 1735, konfirmasjonsforordninga i 1736, skuleforordninga i 1739 og konventikkelplakaten av 1741 var reiskap til styring og kontroll gjennom ei vidtfemnande kristen morallære. At prestane også hadde mykje å seie innan fattigvesenet styrkte deira sentrale samfunnsrolle.

I Romsdal og på Nordmøre hadde den pietistiske prestefellesskapen Sjustjerna mykje å seie. Den brennande leiaren for gruppa var Thomas Von Westen, sokneprest i Veøy 1711-1716. Thomas von Westen kalla i sin moralske harme bygdene ikring Romsdalsfjorden for Sodoma:

"Horeri har tatt så overhaand at Herrens profeter hvert øieblikk med gråt må frykte for ild over dette Sodoma. Drukkenskap er ikke synd mere. Trette og avind er blitt mote. Falsk lov og vekt ansees som lovlig profitt, vankundighet udi sin salighets sak holdes for god tro. Bander og eder er almindeligt tungemaal"

Byane veks fram

↓  På det vakre handteikna kartet Regni Norvegia declineatio novissima finitimarumque Sveciæ Provinciarum frå 1757 ↓ er dei gamle steinkyrkjene på Giske, Veøya og Tingvoll teikna inn. Også i Borgund og i Molde er det kyrkjer. 

På denne tida har den nye byen Christiansund (kjøpstad 1742) oppstått, men gamlenamnet Lille Fossen er for sikkerhets skuld også skrive inn! Molde vart kjøpstad same året som Kristiansund. I Grytten (Rauma kommune) er Romsdalmarket tydeleg markert. På Sunnmøre blir igjen namnet Aalsund skrive inn, men det skulle gå fram til 1848 før staden fekk bystatus.  

↓  I 1761 kjem kartet Kongeriget Norge afdelet i sine fiire Stifter; samt underliggende Provstier ↓, altså eit kyrkjekart. Hovudkyrkjene er her markert med ein kross, medan dei mindre kyrkjene (kapella) har fått ein strek.

På kartet er kjøpstadane Christiansund og Molde merka med raudt. Stiftsgrensa mellom Trondhiem og Bergen er markant og prostigrensene ser ut til å følgje futedøma. Karta blir stadig meir korrekte kartografisk og topografisk.

Auka busetnad i kjøpstadane i amtet mot slutten av 1700-talet

↑  I 1774 kjem Carte over kongeriget Norge, handteikna ved Den Kongelige Norske Militaire Mathematiske Skole. "Carte over Kongeriget Norge sammendraget Efter Hans Excellence Hr. General von Huts Ordre Paa den Kongelige Norske Militaire Mathematiske skole 1774", heiter det. 

Den veksande busetnaden langs Vågen i Christiansund er avmerka, og no er både Nordland og Kierkland i Kristiansund kome på kartet.

Ved Mollegaard (Molde) aukar også busetnaden, og i Rauma er Romsdals Marked markert. 

Ei rekkje kyrkjer er merkte med raude kross, medan større busetjing er merkt med raudt teikn.

↑  I 1785 kom det til då mest detaljerte og korrekte kartet over Sør-Noreg ↑. Kartet var utarbeidd av den danske kartografen Christian Jochum Pontoppidan. Han fekk høve til å bruke militære registreringar og oppmålingar gjort av Norges militære- og geografiske oppmåling, som hadde blitt etablert i 1773. Han utga også boka Geografisk opplysning til kartet over det sydlige Norge, med forklaringar og opplysningar.

Dei etablerte fogderigrensene i Romsdals Amt er dei same som i dag, og Pontoppidan har sett på langt fleire namn enn tidlegare kart. Det er også teikna inn prestegjeld, som saman med sokna på sett og vis var forløparane til formannskapsdistrikta og heradsgrensene som skulle kome frå 1838. 

Det nøkterne kartet til Pontoppidan var etter tidas skikk illustrert i øvre hjørnet, der kulturlandskap og næringar i landet var skildra. Her er bratte fjell og strie elvar, fossar og furuskog. Vasshjul, sager, garn, våpen osv.

↑ Det rikt illustrerte 1785-kartet Bergens Stift afdeelt udi Amter ↑ inkluderer Sunnmøre og gjer også ein kartografisk visitt innom Romsdal. På kartet blir det gjort fyldig greie for kva dei ulike symbola betyr: Stift-, amt- og prostigrenser er markert. Det samme er viktige landevegar, fjellvegar, bekkar og elvar. Vidare blir det gjort greie for hovudkyrkjer, anneks og kapell, storgardar og mindre gardsbruk, skysstasjonar og vertshus og marknader.

Europa og Noreg gjekk mot slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet inn i ein uroleg tid, med krigar og naudsår. Det var også byrjinga på slutten for kongeriket Danmark-Noreg, og den unge sjølvstendige nasjonen gjekk i 1814 inn i ei ny tid, i union med Sverige.

Nyare kart

Utover 1800-talet kom det til stadig fleire kart, og dei vart stadig meir nøyaktige og like dagens kart. Også på desse 1800-talskarta kan det vere lokal informasjon å finne om bygningar, vegar, natur, tradisjonar, busetnad osv. Detaljane i karta kan alle studere på Kartverket sine nettsider for historiske kart.

harnespublis.no  –  kontakt@harnespublis.no  –  facebook.com/harnespublis