Lengt til havet

Fiskardiktaren Elias E. Marøy sette ord på havfolket sine tankar og draumar

"Til havs stend vår hug", song fiskardiktaren Elias E. Marøy. I verseform sette han ord på havfolket sine tankar og draumar.


AV SVEIN MAGNE HARNES 

Sitatet er henta frå Fiskarsong, Elias Marøy sitt mest kjende dikt, som med åra er blitt fiskarane sin nasjonalsong og er i bruk overalt der fiskarar samlast.

Det var viljen til rettferd og fellesskapet sine interesser som førte til at fiskaren, politikaren og organisasjonsmennesket Elias Albert Eliasson Marøy (1885-1976) vart kjend og akta i vide krinsar.

Marøy forklara ein gong at det å vere fiskar ikkje var rekna for noko på 1800-talet. Liksom husmenn, fabrikkarbeidarar og andre grupper lågt på rangstigen hadde ikkje fiskaren ein gong stemmerett om han ikkje åtte eit gardsbruk:

“Erfaringa blir at retten ikkje alltid er der som makta er, medan makta er der pengane er. Det er berre gjennom å stå saman at fiskarane kan motverke dette og syte for at retten blir plassert der den skal vere."

Elias E . Marøy fekk havet som voggegåve. Faren, Elias K. Marøy, var fiskar og los og var ein sentral person i Harøens Fiskeriforening, som vart  skipa i 1898 – det eldste fiskarlaget i fylket. Gjennom tiåra var det stor aktivitet i laget, og sonen fekk også viktige og langvarige oppgåver der.

Elias E. Marøy har fortalt om korleis det var å vere fiskar rundt førre hundreårsskiftet. Allereie det året han vart konfirmert, i 1900, vart han med faren på dekksbåten deira, ein 38-foting, og dreiv etter storsilda. Dei dreiv langt ute i havet, om lag halvvegs til Storegga: «Me hadde med oss tynner til å salte silda i. Det var stor, pen sild. Me hadde nokre og tretti tynner som me reiste til Ålesund med og selde til Rønneberg og fekk 120 kroner tynna. Me syntest me hadde gjort fin tur. Me var fem mann, og eg var den sjette og hadde halv lut - halv garnlut og halv lut.» (Rabben: Folk ved havet II)

På Marøya, rett ved sjølve storhavet,  
fekk Elias E. Marøy horisont og sette kurs. 
Alt som 15-åring tok han til å ro fiske, 
og som 22-åring var han skipper på eigen båt.
Bildet over er frå 1912 og viser skuta "Ulabrand" i Marøysundet. Skuta vart bygd i Tresfjord i 1907 og sjøsett i januar 1908. Mesanmasta blåste over bord i kuling på Egga. Seinare vart den attfunnen på Uksnøyholmane. Det nye lettbåten som høyrde til, vart kalla "gitaren". Ulabrand var den første båten på Marøya med motor, Finnøy-motor, fortel dotter Anna Marøy Hansen, som sjølv vaks opp på øya. Personane på bildet: Elias Kristoffersen Marøy, Kristian P. Breivik, Elias Breivik, Erling Marøy, Leif Breivik, Iver Breivik.  Sjøbuene på bildet var i bruk alt frå midten av 1700-tallet då kristiansundskjøpmannen Leslie hadde fiskevær på Marøya. Seinare dreiv kjøpmannen Danholm på Dryna handel på Marøya. Øvst på haugen stod huset som var utkiksplass for losane som heldt til der. Foto: privat  

  Elias E. Marøy vaks opp i ein søskenflokk på Marøya, på vestsida av Harøya, ein holme der eit lite sund skil øyane. Frå gamalt hadde Marøya losstasjon, og det budde fleire familiar på den vesle øya. I Elias Marøy si tid var der fire husstandar i husa: "Marøyhuset", "Dit ut" og "Ura".  Foto: Svein Magne Harnes

Dottera Anna Marøy Hansen fortel i Romdal Sogelag si årbok 2013 om barne- og ungdomsår på Marøya: Året handla om at karane i januar-februar rusta seg til sildefisket. Oppe på haugen stod dei og speida etter måseflokkar og andre sildeteikn. Ein måtte vere tidleg ute; dei første hektolitrane som vart levert, var best betalt. I februar-mars reiste karane nordover på lofotfiske, og ved påsketider kom dei heim att. Så vart det arbeid med fisketørking, som kunne vare til førsteslåtten. Seinare på sommaren følgde torvonna, som skulle sikre brensle til vinteren. Frametter hausten var det feitsildfiske, og på land var garnbøting ein viktig og tidkrevjande syssel heilt forbi nyårsleitet. Attåt dette gjekk heimefisket føre seg året rundt. 

NORGES FISKARLAG

Elias E. Marøy kom tidleg med i lagsarbeid for fiskarane, først lokalt og seinare også sentralt: Han var med under skipinga av Norges Fiskarlag i Trondheim i 1926. Laget er framleis den sentrale organisasjonen for fiskarane sine faglege, økonomiske, sosiale og kulturelle interesser. Marøy las med interesse fiskeribladet «Fiskeren», som blei stifta i Bergen i 1923, og han var ein av dei nynorske pådrivarane for å få endre namnet til «Fiskaren». Seinare var Marøy mellom stiftarane av Noregs Sildesalslag (1936), etter at Storsildlaget (stifta i Ålesund 1927) og Stor- og Vårsildlaget (1928) blei slått saman. Han var aktiv under «Sildestortinget», som vart tilnamnet på dei omfattande representantskapsmøta i laget. 


SJØTRYGDELAG

Marøy såg det også som ei sentral oppgåve å få etablert sjøtrygdelag (reassuranse-selskap) som forsikra fiskefarkostar, fiskereiskapar osv. Dette arbeidde han for både lokalt og sentralt. I Sandøysoga blir det peika på korleis Marøy hadde tillit frå breie lag; frå styresmaktene til fiskebåten. Derfor kunne han bety så mykje når det gjaldt å bryte ned gamle fordomar og gjensidig mistru og leggje grunnlaget for ei mentalitetsendring mellom fiskarane i desse spørsmåla. Sjølv sa han dette om kva som var det viktigaste han hadde medverka til: 

"At fiskebåtane er på sjølveigande fiskarar sine hender, slik som i vårt lag, er ei stor føremun. Når skipperen stend på eige dekk og maskinisten passar eigen motor, er farkosten som regel under beste tilsyn"

Gjennom den store innsatsen for fiskarsaka vart Marøy ein kjend og akta mann i fiskerimiljøet i Noreg.

– Eg trur svært mange som er knytte til fiske- og fiskerinæringa kjenner til Elias Marøy sin «Fiskarsong», men for dei fleste i dag er vel korkje innsatsen hans innan næringa eller diktinga hans elles så kjent, meiner historieprofessor Karl Egil Johansen ved Høgskulen i Bergen. Johansen er ein av forfattarane bak bokverket Norges fiskeri- og kysthistorie og han har også skrive fleire bøker og artiklar om kyst- og fiskerihistorie. 

– Sjølv har eg støtt på namnet Elias Marøy i ulike samanhengar i arbeidet med fiskarlags- og salslagshistorie, men har likevel ikkje kjent så godt til han. Det er både interessant og viktig at innsatsen hans, både som talsmann for fiskarane og som kystdiktar, kjem fram i lyset, seier Johansen.



– Ved sida av å vere fiskar var far altså mykje med i ulike typar organisasjonsarbeid og politisk arbeid og reiste ein heil del, fortel Anna Marøy Hansen. I heimkommunen Sandøy hadde han alle dei tillitsverv ein kunne ha: Han var ordførar (V) i Sandøy kommune i lange periodar på 1920- og 1930-talet, han var fylkespolitikar og var ein periode varamann til Stortinget for Venstre, der han også møtte. 

– Han sat som ordførar i Sandøy då krigen braut ut, og det vart ei tøff tid for han - mykje å vere uroa for. Han vart tynn, minnest dottera. I september 1941 sa Elias Marøy frå seg ordførarvervet i protest mot innføringa av nazistane sitt førarprinsipp. Han vart gjeninnsett etter frigjeringa i 1945 og var ordførar ut året.

– Frå han var 60 dreiv ikkje far mykje fiskeri sjølv lenger, men var framleis like engasjert i fiskarsaka og forskjellig anna samfunnsarbeid, fortel Marøy Hansen.

For sitt samfunnsgagnlege arbeid vart Elias E. Marøy i 1959 tildelt Kongens fortenestemedalje.


FISKARSONG

Ved sida av samfunnsengasjementet var Marøy ein framifrå ordkunstnar. Eit av dei mest kjende dikta til Marøy er altså Fiskarsong, som framleis ofte blir sungen overalt der fiskarar kjem saman.

– Den teksten vart skriven i 1949, fortel Anna Marøy Hansen: – Noregs Sildesalslag utlyste ein tekstkonkurranse gjennom radioen, og mor sa: “Dette er noko for deg, Elias.” Far var usikker, men tok etter kvart til å skrive. Han kjende fiskarlivet frå båten - han var sjølv fiskaren og visste korleis han ville skildre dette – og han vann konkurransen, der fleire kjende diktarar hadde levert tekstar.

"Til havs stend vår hug, 
der fengda kan vinnast med kløkt og med dug. Når bymann og bonde til nattkvila gjeng, 
då tusentals fiskarar strekkjer sin veng. 
Mot havet og natta han hugheilt dreg ut, 
den fiskande gut."
Foto: Svein Magne Harnes


Ved sida av Fiskarsong skreiv Marøy også Øya vår, som er mest kjent som "Harøysongen”. Begge er med i den vesle samlinga Vers frå gløymeboka, som han gav ut i 1965. Den femner om 19 dikt på klingande nynorsk, der han tek for seg emne som menneskelivet, nærmiljø og natur. Tekstane ber preg av den særeigne heimstaddiktinga frå slutten av 1800-talet og tiåra frametter. Her er heimstadkjensle og nasjonsbygging ispedd ein solid dose patos. Han uttrykkjer så vel viljen til samfunnsdugnad som den váre naturopplevinga og dei mest finstemte kjenslene. Han skildrar natur, lokalmiljø, fiskeri, tradisjonar og kvardagsheltar. Her er dikt (songar) til festar og bryllaup, tekstar om øya og om fylket, salmar og hyllingsdikt. Samkjensla er sterk og identitetar og kjønnsroller tydelege markørar.


– FRAMIFRÅ HEIMSTADDIKTING

Terje Aarset ved Høgskulen i Volda har arbeidd mykje med nynorsk skriftkultur og står mellom anna bak eit pionérverk om den nynorske songskatten. Han seier dikta til Marøy er framifrå heimstaddikting:

– Det er mange som prøver seg i denne sjangeren, men slett ikkje alle som lukkast så godt som Elias Marøy – han diktar godt, meiner Aarset. Han viser til at det er viktig å ta vare på desse lokale kulturskattane.


– I ungdommen var far elev ved Møre Folkehøgskule i Ørsta. På folkehøgskulen gjekk også den seinare lyrikaren Olav Nygard, og far var påverka av folkehøgskulerørsla, ungdomslagsrørsla og dei kulturytringane som dei mange foredragshaldarane i tida reiste rundt med: den sterke nasjonalkjensla etter 1905, nynorsken si framveksande rolle. Det var med utgangspunkt i dette at også "Harøysongen" (ca. 1920) vart til.

Elias Marøy si dikting kretsar om naturopplevingar, menneske og miljø i området han bur i og i distriktet. Trivelegast blir kanskje dikta når det kvardagslege blir skildra, som når 90-åringen Elias på 80-årsdagen til broren Erling minnest smågutane som leika i sundet:

– Far sat vel mykje på soverommet og skreiv, tenkjer eg. Han snakka i alle fall ikkje mykje om diktinga si. Eg hugsar han skreiv på doggen i vindaugsrutene. Det var ikkje alltid mor var like glad for poesi på nypussa vindu, fortel dotter Anna Marøy Hansen.

– Men far hadde ei gåve med ord, og han var særleg flink med bokstavrim: "bymann og bonde" osv. Der skapte han mykje fint. Fleire av formuleringane hans, som t.d. "Vår heim er ei hamn" og "Over dei våte graver, siglar det nye menn" var også nytta som titlar på NRK-program.

I eit privat brev i 1971 skreiv Marøy: "Eg er ingen yndar av publisitet. Boka var såleis ikkje bydd nokon forleggjar og er heller ikkje til sals. Eg har likevel fått mange gilde brev frå lesarar som har fått del i henne".

– Eg oppmuntra han til å samle dikta sine innanfor to permar, og til sist vart det heldigvis gjort, sjølv om han ikkje var oppteken av publisitet. Eg er glad for at dette litterære minnet etter far finst og eg er glad for at han blir hugsa, seier Marøy Hansen.

"Havet som stormar, 
havet som dormar, 
syng over Øya sin dårande song. 
Havet som rullar, 
havet som sullar, 
voggar til guten sin eventyrtrong."
  Video: Svein Magne Harnes

HARØYSONGEN

For alle som er knytte til Harøya, er nok Øya vår eller “Harøysongen” det mest kjende diktet til Elias Marøy. Patriotismen som pregar mange bygdesongar, er også til stades her, men ikkje utan eit snev av realisme og vemod:

Ytst imot brynet, lita for synet,
sjå der ligg øya vår kransa av skjer. 
Myrbrun og mager, lell er du fager, 
fager fordi at vår heimstad du er

Havet som stormar, havet som dormar,
syng over Øya sin dårande song.
Havet som rullar, havet som sullar,
voggar til guten sin eventyrtrong
(“Øya vår”, utdrag)

Songen, som er tonesett av Ole E. Huse, er mykje brukt ved ulike samlingar og blir sungen med stor innleving av alle harøyingar.

KJENSLEVART

Finast blir kan hende diktinga til Marøy når han skriv kjenslevart om born, heimstad, von og tru. Dette kjem fint fram i dikta Barnet, Mor, Lengt og Barndomsøya. I diktet Lengt set han ord på den ordlause lengten:

Lengten kjem ved solarglad, 
kjem frå all- og ingenstad, 
tyngjer først og sidan løfter, 
fyller hugens djupe kløfter, 
togar opp og trengjer ut
over hav og høge nut.

Midt i dagens strev og strid 
er du borte for ei tid. 
Som ein songfugl skræmd av larmen 
sturer du ein stad i barmen, 
men når kveldsol sig i seng, 
vaknar du og strekkjer veng.

Kven du er, og kva du vil, 
svaret fær eg ikkje til. 
Er du det eg gjerne ville, 
men som ofte gjekk til spille, 
er du ifrå noko her 
eller frå ei onnor verd.
(LENGT, utdrag)

BARNET

Sov no søtt, vesle barn, i di seng, 
som den bryddande blomen i eng.
M
å du vernast mot vind, 
må det skjermast ditt sinn, 
sov no søtt under engelens veng. 
(utdrag)

                                                      *
MOR
Ein stad veit eg sælt eg smilte, 
ein stad veit eg kjært eg kvilte, 
på min moders fang. 

Vart i leiken titt eg såra, 
var det godt å turke tåra
på min moders fang.
(utdrag)

"Lat skina Guds sol  på mi barndoms øy"

"Midt i dagens strev og strid er du borte for ei tid. Som ein songfugl skremd av larmen, sturer du ein stad i barmen, men når kveldssol sig i seng, vaknar du og strekkjer veng" (Frå Elias Marøy sitt dikt "Lengt", utdrag)  – Foto frå Marøysundet: Svein Magne Harnes


Elias Marøy var altså aktiv på mange arenaer gjennom livet. Diktinga følgde han likevel gjennom alt, og kanskje oppsummerer han når han i siste dikt i samlinga si skriv om Barndomsøya:

Her talar kvar tuva, her kviskrar kvar stein
om guten som sprang her som jublande svein,
og havet det spelar som harpa
ei blanding til smil og til gråt.

Og sundet og fjorden med feiande bris
eg siglde og rodde på vikingevis, 
og bårone dei er dei same
som vogga min barndoms båt.

Her ser eg den vegen 
som far munde trø
frå stova den vesle og ned til si stø.
Det flagga ei skute der ute
som han skulle losa i hamn.

To hender så slitne, men falda i bøn,
som signande strauk meg så ofte i løn,
er glitrande perlor i kransen
av minner frå barndomens tid.

Lat skina Guds sol på mi barndoms øy,
lat skina når eingong eg folnar som høy.
Så mykje må falla og vika,
Guds lovnader berre står fast.

"Opp av hav stig blåe tindar, 
kvite bre i sylvglans skin, 
når me kjem med friske vindar 
siglande frå havet inn. 
Det er Romsdals fagre fjell
 strålande i kveldsoleld"
"Her ser eg den vegen som far munde trø, frå stova den vesle og ned til si stø. Det flagga ei skute der ute, som han skulle losa i hamn". (Frå Elias Marøy sitt dikt "Barndomsøya", utdrag)   –  Foto: Svein Magne Harnes