– Kyrkja døropnar
for samar i skjul

Ikkje lett å halde på identiteten for minoritet i Møre

– Mange samiske som er busette i Møre lever i skjul med sin identitet, fordi det blir for krevjande å hevde sin minoritetskultur i møte med storsamfunnet, meiner May Bente Jønsson. Ho er medlem i Samisk kyrkjeråd og bur i Sunndal. – Det er kyrkja som er blitt døropnaren for mange; i kyrkja kan folk vise og bruke sin samiske kulturarv, seier ho. 

– Fleire i Møre med samisk bakgrunn opplever på fleire vis avstand til storsamfunnet, men ønskjer på same tid ikkje å synleggjere sin identitet som samisk, fordi det blir for krevjande. Det er kyrkja si oppgåve å støtte desse og det er mange måtar å gjere det på. Vi må ikkje gløyme at delar av Møre bispedøme er omfatta av det sørsamiske området, seier May-Bente, som nylig møtte Møre bispedømeråd for å orientere om samisk kyrkjeliv.

– Vi må identifisere kva ressursar kyrkja har til rådvelde for å støtte samisk kultur og kyrkjeliv, og så må desse ressursane aktiverast. Det kan t.d. gjerast gjennom samiske innslag i gudstenestene, særleg under samefolkets dag, 6. februar. Det finst fleire flotte samiske salmar i den nye salmeboka. Dette er salmar som ikkje-samiske gjerne kan lære seg og synge med på. Liturgiske ledd som nådehelsing og velsigning finst også på samisk - og kan nyttast ved høve.
"Vi må ikkje gløyme at delar av Møre bispedøme er omfatta av det sørsamiske området"

"Vi må ikkje gløyme at delar av Møre bispedøme
er omfatta av det sørsamiske området"

SKULEN
– Særleg må samarbeidet med skulen styrkjast. Det er gjennom at samisk kultur blir kjent mellom barn og unge at vegen til større inkludering og mangfald blir skapt, seier May Bente Jønsson. 

Ho oppmodar kyrkjelydane om å kontakte Samisk kyrkjeråd og Sametinget for å hente kunnskap og materiell om det sørsamiske området, og å ta dette materiellet i bruk i kyrkjelydsarbeidet. 


"Heile den norske kyrkja har ansvaret for å ta vare på samisk språk og kultur. Teiing, kunnskapsløyse og fornekting har prega forholdet mellom urfolk og majoritetskulturar. Som kyrkje har vi ansvar for å bryte dette, og her er skulen vår beste samarbeidspart" 

                                          biskop Ingeborg Midttømme

– Det er både flott og viktig at det i Møre bispedøme bur ein representant for samisk kyrkjeråd, understrekar biskop Ingeborg Midttømme. – Vi er medvitne om at delar av Møre bispedøme er knytt til det sørsamiske området, og vi er opptekne av å oppfylle dei måla som er formulerte i Strategiplan for samisk kyrkjeliv, som vart vedtatt av Kyrkjerådet i 2011. May Bente Jønsson hjelper oss til å sjå moglegheiter i arbeidet med det sørsamiske i Møre.

– Som kyrkje skal vi sjå til at det samiske bidraget blir tatt vare på og løfta fram. Det kan vi særleg sørgje for i samband med Samefolkets dag 6. februar. Gudstenestene knytt til denne markeringa bør innehalde samisk deltaking, samiske salmar, liturgiske ledd på samisk og velsigninga på samisk. Kyrkja si 4-årsbok på sørsamisk er eit anna viktig tiltak.

– Det finst mange flotte samiske salmar i den nye salmeboka, seier biskopen, og peikar på nr. 241, Biejjiem jïh askem, ein sørsamisk salme inspirert av «Måne og sol». Teksten byr på både nordlys og reinsdyr og melodien er blitt ein av dei mest kjende og brukte nye samiske melodiene.   

– Det er skulen som er vår beste samarbeidspart i satsinga på å styrkje det sørsamiske innslaget. Vi veit at skulen har eit kompetansemål om at elevane skal lære nokre samiske salmar – Sørsamisk har enkle lydar og teikn og blir uttala slik det står skrive. Alle kan lære dette og vi ønskjer å samarbeide med skulen om det, seier biskopen.