Vil dyrke grøne
kyrkjelydar i Møre

Oppmodar til lokal 
kyrkjeleg innsats kring
miljø, forbruk og rettferd

– Draumen er grøne kyrkjelydar overalt i Møre bispedøme. I dag har vi åtte, men målsettinga ved utgangen av 2016 er 20 grøne kyrkjelydar, seier diakonirådgjevar Tore Johan Øvstebø i Møre bispedøme og frivillig rådgjevar miljøvern Per Fredrik Brun. Dei to frontar ressursgruppa for skaparverk og berekraft i Møre  –  no ønskjer dei ei brei grøn satsing i kyrkjelydane.

– Vi legg opp til å arrangere fire prostivise temadagar om rundt klima- og miljøspørsmål det næraste året, seier Tore Johan Øvstebø. Han har tru på mykje engasjement i kyrkjelydane rundt satsinga og vonar å mobilisere dei kyrkjelege fellesråda til miljøtiltak.  

– Eit konkret satsingsområde er energibruk i kyrkjebygg. Vår tanke er at dette kan bli eit fellesprosjekt for kyrkjebygga i Møre. Vi trur eit slikt tiltak kan gje store ringverknader. Ressursgruppa håper å få til eit nært samarbeid med kyrkjeverjene om dette, seier miljørådgjevar Per Fredrik Brun.  

I dag er det 8 grøne kyrkjelydar i Møre bispedøme: Borgund, Ulstein, Spjelkavik, Ørsta, Volda, Molde, Bolsøy, Røvik og Veøy. Det er dette talet ressursgruppa for skaparverk og berekraft vil auke i tida framover.

Les meir:  Slik blir din kyrkjelyd grøn

– Mange er opptekne av miljøutfordringane vi står i. Dette er nært knytt til skaparverk og berekraft. Mange organisasjonar og grupper er aktive på forskjellige arenaer med idéar og tiltak. Utfordringa for kyrkjelydane og bispedømet er ikkje å finne gode tiltak, men å velje tiltak som let seg gjennomføre ut frå lokale ressursar og engasjement. Vi meiner det er betre å satse på nokre få tiltak som let seg gjennomføre skikkeleg, enn på mange tiltak som berre vert halvgjorte, seier diakonirådgjevar Tore Johan Øvstebø. 

Gjennom satsinga Vår grøne kyrkjelyd samarbeider Den norske kyrkja med fleire organisasjonar om grøn satsing lokalt.



RESSURSGRUPPE

Ressursgruppa for skaparverk og  berekraft i Møre er Møre bispedømeråd si ressursgruppe innanfor miljø- og klimaspørsmål. Innanfor nemninga ´skaparverk og berekraft´ ligg også forbruk, artsmangfald, rettferd, gjeldssanering og ei rekkje tilgrensande tema. Ressursgruppa skal stille sine kunnskapar innan desse områda til disposisjon for kyrkjelydane og inspirere til lokale miljøprosjekt. Den skal også arrangere fagdagar og inspirasjonssamlingar innan miljøområdet.

Nyleg tydeleggjorde Møre bispedømeråd mandatet for gruppa og oppnemnte samstundes nye representantar til den breitt samansette prosjektgruppa.

Gruppa er no samansett slik: 
Diakonirådgjevar i bispedømet, Tore Johan Øvstebø 
Ressursperson miljøfeltet, Per Fredrik Brun
Diakon Emil Knardal
Regionkonsulenten i Kirkens Nødhjelp
Eín representant frå kyrkjeverjene i Møre
Eín representant frå frikyrkjene i Møre og Romsdal
Ein kyrkjeleg tilsett innan området diakoni/undervisning


SATSINGSOMRÅDE

Arbeidet med miljø, forbruk og rettferd har vore eit viktig område i Møre sidan etableringa av bispedømet. Tidleg på 2000-talet la ei arbeidsgruppe for miljø, forbruk og rettferd fram ein rapport som peika på tre satsingsområde:

1. Søkjelys på miljø, forbruk og rettferd i samband med bispevisitasar. 

2. Bevisstgjering i kyrkjelydane på vern av skaparverket, redusert forbruk og kamp for rettferd og oppmoding til kyrkjelydane om å utarbeide eigne miljøplanar.

3. Forpliktande samarbeid mellom bispedøme og kyrkjelege fellesråd om grønare profil lokalt.


NETTRESSURSAR MILJØSATSING:
Grøn kyrkje
Klima og miljø - Den norske kyrkja
Klima og miljø - Changemaker