Tunge steg

For Monrad Mosberg (96) var rusleturen på Normandie-stranda ei vanskeleg oppleving.

Av Erling Eikli, Paal Ravnaas og Christian Nørstebø (foto).
Saken er publisert i publisert i F7/8, 2014.

Sword Beach 6. juni 1944: Allierte styrkar stormar stranda i kuleregnet frå tyske soldatar ved Hermanville-sur-Mer. Sjøen er farga raud av blod, på invasjonsstrendene ligg døde og skadde allierte soldatar. Men også mange drukna – og lenger ut råkar ein tysk torpedo den norske jagaren KNM Svenner. Monrad Mosberg overlever den kraftige eksplosjon­en, men hamnar i det seks grader kalde vatnet. Han driv rundt i nærmare ein halv time før han er heldig og vert plukka opp i ein lettbåt og frakta vidare tilbake til England.

Sword Beach 6. juni 2014: Monrad Mosberg ruslar på stranda han aldri nådde, tilbake ved havet der han mista 35 av sine nærmaste soldatkameratar. Han sjølv er tilbake 70 år i tid, sjølv om idyllen, solskinet og fridommen pregar den langgrunne stranda i Normandie. Mosberg tenkjer på dei mange som ikkje klarte seg da KNM Svenner blei søkkt av ein tysk torpedo i 1944. Minne dukkar opp, vanskelege minne.

– Eg orkar ikkje vere her så lenge, seier Mosberg og vil tilbake på «tryggare» grunn.

Så skjer det: ein liten fransk gut har brukt hovudet godt. I ein tom pose for små servi­ettar har han fylt sand. Sand frå Sword Beach. Sand som ein gong var farga av død og liding, men som no er rein og uskuldig. Sand han tenkjer Mosberg kan ha med heim – som eit minne.
– Eg kjem aldri til å gløyme at eg fekk denne posen. Det var mitt sterkaste minne frå denne turen, seier Mosberg.


Saken fortsetter under bildet.


Saint-Clément 6. juni 1944: Eit norskbemanna Lancaster bombefly frå 97 skvadronen i England har sluppet bomber mot viktige tyske stillingar ved kysten av Normandie. Kuleregnet er likevel for stort. Dei totalt sju besetningsmedlemmene om bord har ikkje ein sjanse. No styrtar flyet mot bakken like ved kyrkja i Saint-Clément i Osmanville. «Achieve Your Aim» er slagordet til skva­dronen. Det klarte dei, men dei mista livet få minutt etter på D-dagen. Fem nordmenn, ein brite og ein kanadiar døyr.

Saint-Clément 7. juni 2014

Saint-Clément 7. juni 2014: Rett i nærleiken av grava til briten Gerald John James Ashpole på kyrkjegarden i Saint-Clément står ein minnestein med inskripsjonane til dei sju som omkom. Offiserar, veteranar, forsvarssjefen og generalinspektøren for Luftforsvaret reiser seg. Garden spelar bønnsignalet.

Så... Som eit livstekn frå krigstida høyrest lyden av det i dag einaste flygande Lancaster-flyet. Det kjem inn i låg høgd. Bøygde hovud under det stille minuttet kan ikkje anna enn å vri seg etter for å få det med seg. Timinga er perfekt. Det er så håra reiser seg på armen.
– Det var heilt fantastisk flott. Ei verdig og fin markering, seier tidlegare Spitfire-flygar Wilhelm Mohr. Både Rolf Kolling og Annæus Schjødt nikkar. I bakgrunnen går smilet til generalinspektør Per Egil Rygg nesten rundt hovudet og forsvarssjef
Haakon Bruun-Hanssen er stornøgd.

Villons-les-Buissons 5. juni 2014: Garden er på plass.

Villons-les-Buissons 5. juni 1944: Frodige åkrar spirer med korn og andre matvarer. Våren er så vidt gått over i sommar i den vesle tettstaden Villons-les-Buissons berre nokre mil frå kysten av Normandie. Innbyggjarane veit lite om at allierte styrkar snart skal ta i bruk éin av åkrane som flyplass. Nordmenn skal vere med og byggje han, nordmenn i britiske Spitfire skal lande på han og bruke han som utgangspunkt for vidare krig med tyske styrkar på retrett.

Villons-les-Buissons 5. juni 2014: Bunadskledde jenter, festpynta franskmenn og veteranar med medaljar frå teneste som Spitfire-flygarar er på plass. Her er Annæus Schjødt, Willhelm Mohr og Rolf Kolling. Alle landa dei på denne flyplassen, tanka opp og utførte nye raid for å sikre luftrom og for å angripe tyskarane.

Banda mellom den vesle kommunen og Noreg er sterke, det viser planane kommunen har lagt for å utvide for ein folkesetnad på meir enn dei i dag rundt 700 innbyggjarane.

No opnast vegane Rue de Narvik og Rue de Oslo, og i krysset mellom gatene har den første norske Spitfire-piloten som landa her, avlidne Johannes Helland, fått ei minneplate avduka av si kone Astrid Helland. Place Helland blir om ikkje eit viktig plass – så i alle fall eit kryss som dagleg vil minne innbyggjarane om dei norske spitfireskvadronane 331 og 332 som gjorde sin innsats herifrå frå august 1944.
Om ein flyg over området, kan ein framleis sjå kvar flyplassen låg, men for folk på bakken er dei fysiske minna viska vekk.
– Eg kjenner meg ikkje så veldig godt igjen, vi såg jo det meste frå lufta, seier Rolf Kolling (92).

På stranda i Ouisterham, 6. juni 2014: D-dagen vert markert saman med andre veteranar frå verdskrigen. Det er 18 statsleiarar og mange prominente gjester på den store internasjonale markeringa.



Forsvarets forums veteranprogram arrangerte Veteran 2014 i saman med Forsvarsdepartementet og Forsvarets veteranavdeling. Disse veteranene var med på turen: