Sabotøren

Krigshelt Peter Sperre er død, 
94 år gammel.  

Av Svein Arstad og Arne Flaaten (foto). Publisert i F9, 2015. 

I 1940 rømde Peter Sperre landet. Han kom attende som sabotør.

– Eg leverte illegale aviser i Ålesund. Ein dag fekk eg melding om at tyskarane var på sporet av noko. Eg måtte rømme. Det gjekk heldigvis ein båt same kvelden til England. Eg drog heim, men sa ikkje til foreldra mine kva eg skulle. Seinare same dagen var eg på veg, fortel Peter Sperre.

Den 93-år gamle veteranen tar ein slurk av kaffikoppen. Han sit ute på terrassen med utsikt over vatnet.

Det er 75 år sidan han bestemte seg for å reise til England.

Under dekk låg det 30 gutar og gøymde seg. Vi ville få våpentrening og kjempe mot tyskarane. Men det heldt på å gå gale allereie før vi hadde kome av garde.


Brigaden.
Like etter avreisa vart dei stogga av ein tysk motortorpedobåt. Soldatane sjek ka papira til skipperen, men heldigvis ikkje lasta.

– Vi hadde med oss Sunnmørsposten om bord. Der stod det tydeleg eit opprop frå tyskarane om at «Skoten blir den som forlèt landet». Vi visste alle kva vi risikerte, seier Sperre.

Under krigen blei tusenvis av nordmenn del av brigaden i Skottland. Motivasjonen var å kjempe mot tyskarane og delta i frigjeringa av Noreg. Det enda i bitterheit for mange som aldri fekk sjansen.

– Vi trena ofte saman med engelske fallskjermsoldatar. Men når dei vart sende ut for å kjempe mot tyskarane, blei vi verande att. Fallskjermkompaniet var nemleg øyremerkt aksjonar i Noreg, fortel Sperre.

Eg leverte illegale aviser i Ålesund. 

Ein dag fekk eg melding om at 

tyskarane var på sporet av noko. 

Eg måtte rømme. 

Sabotasje. 24. mars 1945 vart tolv mann frå fallskjermkompaniet sleppte over Nord-Trøndelag. Sperre var blitt plukka ut til å delta på operasjon Waxwing. Kvifor veit han framleis ikkje.

– Eg hugsar at eg hang i skjermen i måneskin over det snødekte landskapet. Det var ei herleg kjensle, sjølv om vi ikkje visste om vi ville overleve aksjonen.

Gruppa var meint som eit føreparti som skulle ta imot resten av kompaniet. Da dette vart kansellert, fekk gruppa ordre om å drive sabotasje mot Nordlandsbanen for å hindre at tyske troppar vart flytta ut av landet.

– Eg var med på to aksjonar. Den første var nord for Majavatn der vi sprengde fleire hundre meter med skjenegang. Ved eit anna høve var planen å spore av eit tog nord for Grong.

Sprengstoffet var på plass. Brått kom det ein dresin med fire–fem tyskarar. Han stogga akkurat der som ladningane var utplasserte.

– Gutane hadde kopla saman fallskjermsnorer og låg klare til å løyse ut sprengladninga. To av tyskarane gjekk av dresinen, og vi bestemte oss for å trekkje av. Eksplosjonen kasta dresinen av skjenene og tok livet av soldatane, fortel Sperre.

Oppdag. På bordet framføre seg har han ei marsipankake med eit bilete av fem menn med uflidd hår og pipe. Det er teke på frigjeringsdagen like ved Orrevatn. Kort tid i førevegen opplevde gruppa at tre tyskarar dukka opp i leiren. Soldatane frå fallskjermkompaniet tok dei til fangar.

– Eg følgde ein av tyskarane til latrina. Han fomla veldig med buksene. Brått snur han seg rundt med ein pistol han hadde gøymt i bukselinninga. Instinktivt fyrte eg av heile magasinet og soldaten fall baklengs ned i latrina. Vi fekk fiska han opp att. Det synte seg at han ikkje hadde blitt råka ein einaste gong. Men langs erma på uniforma var det spor etter kulene som hadde sneia han, seier Sperre.

Dei sende spørsmål til London om kva dei skulle gjere med tyskarane. Bodskapen var å skyte fangane.

– Det var kanskje enkelt å sitje i England og gi ei slik melding, men ikkje for oss som måtte utføre ordren. Men slik er det i krig, seier Sperre og vert stille.


Frigjeringa.
Ei veke seinare kom freden til Noreg. Men sjølv ikkje ved krigens slutt var prøvingane over for sabotasjegruppa. Dei var med på avvæpninga av tyske styrkar som i mange høve hadde drukke alkohol og oppførte seg trugande. Sjefen ved ein fangeleir byrja å skyte og kasta ein handgranat mot fangane. Nordmennene måtte ta livet av han.

– Vi var tolv mann med fleire tusen tyske soldatar rundt oss på alle kantar. Ein kjenner seg liten og sårbar i ein slik situasjon, fortel Sperre.

Mytteri. Tilhøvet til medsoldatane i fallskjermkompaniet endra seg også etter aksjonen i Noreg. Mange var misunnelege på dei som hadde vore med på operasjon Waxwing. Soldatane glødde av iver etter å gjere ein innsats og var lei av å bli haldne attende. Misnøya hadde toppa seg i 1944. Da gjorde kompaniet «utilsikta» mytteri og måtte avvæpnast av britisk militærpoliti og plasserast under vaktarrest.

– Det kan høyrast litt underleg ut, men det største «traumet» for gutane i Fallskjermkompaniet var at dei aldri vart brukte eller kom i kamp. Det var nok som å strø salt i allereie opne sår at det berre var tolv mann som fekk vere med mot slutten av krigen, mens resten av kompaniet blei att, seier Tomas Adam.

Han er avdelingshistorikar ved Forsvarets spesialkommando (FSK) som har ansvar for å ivareta tradisjonane etter Kompani Linge, Commandos og Fallskjermkompaniet.

Kniv. Denne linken kjem til syne ved «Fairbairns-Sykes fighting knife» som finst i logoen til FSK. Og som også er sentral i den nye logoen til Forsvarets spesialstyrkar. Sperre fekk utdelt kniven i Skottland før operasjon Waxwing. Framleis kjenner sunnmøringen ei sterk tilknyting til dagens spesialsoldatar.

– Hadde du vore med til Rena og sett på hoppekurs med rundskjerm, hadde du kjent att mykje av treninga. For mange vil jo også fallskjermutstyret sjå nesten likt ut. Skilnaden er at dei hadde ei mykje hardare landing, seier Adam.

– Det vart nokre tøffe påkjenningar, ja. Det kjenner eg framleis i hofta. Men vi var topptrena soldatar. Eg meiner det ikkje var ein einaste mann i Fallskjermkompaniet som ikkje kunne vore med på tungtvassaksjonen, kvitterer Sperre.

Skottland. I fjor vart han deltakar på veterantur til Skottland. Der fekk han vitje nokre av stadene fallskjermkompaniet var forlagt under krigen. Det var ei tøff tid med mykje trening. Det var også ei stor påkjenning ikkje å vite korleis det gjekk med familien heime. Men det var ikkje berre blodslit og lange utmarsjar.

– Vi vart veldig godt mottekne av lokalbefolkninga, seier Sperre og ser utover fjorden der ferda byrja i 1940.

– Vi reiste til England for å kjempe mot tyskarane. Vi ofra mykje, men dei fleste fekk aldri denne sjansen. Det er bittert å tenkje på.