Meir openheit

Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås vil at militære skal bruke ytringsfridomen sin.

Knut Olav Åmås håpar tildelinga av Fritt Ord-prisen til generalløytnant Robert Mood sender sterke signal inn i Forsvaret, og at det blir rom for fleire forsvarstilsette til å bruke ytringsfridomen sin. Embetsmenn og andre tilsette i offentlege verksemder er no i ferd med å få ganske tronge rammer når det gjeld å delta i samfunnsdebatten, både om eigen sektor og om andre tema, meiner han. 

Fritt Ord er ei norsk, privat stifting som vart skipa i 1974, og frå 1976 har institusjonen delt ut Fritt Ord-prisen. Føremålet er å stille midlar til disposisjon for å verne om og styrke ytringsfridomen i Noreg, særleg ved å stimulere den levande debatten og den uredde bruken av det frie ordet.

– Robert Mood har mellom anna engasjert seg i Forsvaret si rolle i samfunnet, Noreg sin relasjon til Russland og andre felt utanom eige yrke der han kan bruke kompetansen sin. Eit døme på dette er debatten om væpning av politiet. Fritt Ord-stiftinga meiner Mood på denne måten er ein mønsterverdig samfunnsborgar. Åmås seier vidare at leiarar på ulike nivå, inkludert toppleiarar, for sjeldan er med i samfunnsdebatten. 

– Dei opptrer som regel berre i offentlegheita når dei skal selje eller lansere noko eller til nød for å svare for seg dersom ein skandale vert avdekt. At Mood har vore ein aktiv samfunnsdebattant i ei årrekkje, meiner Åmås berre har vore eit pluss, både for generalløytnanten sjølv og for det norske samfunnet. 

– Samstundes har Mood rykt opp, både i militære grader og i vørdnad. Det syner at det faktisk er mogleg.

Kommunikasjon. Fritt Ord-direktøren er ikkje samd med dei som meiner at lojalitetskravet skal gå framfor ytringsfridomen for ein embetsman. 

– Eg kan ikkje sjå anna enn at Mood har hatt ei framferd som er både politisk nøytral og fagleg uavhengig. Han har gjennom sin kompetanse sett politikarar og andre avgjerdstakarar i stand til å gjere sin jobb enda betre. Å delta i kritiske debattar er å vise lojalitet andsynes samfunnet, både for embetsmenn og andre offentlege tenestemenn. Så finst det sjølvsagt unnatak, avhengig av kva stilling ein har, og nøyaktig kor ein er plassert. Åmås meiner Forsvaret som organisasjon generelt har ei utfordring når det gjeld kommunikasjonen sin.

 – I takt med at vi i stadig mindre grad har eit folkeforsvar, har kommunikasjonen utetter blitt dårlegare. Verneplikta gjeld no i praksis berre ein liten del av kvart årskull. 

– Eg er ein av dei som synest det er uklart korleis det reelt sett står til med forsvarsevna og kva kapasitet som er tilgjengeleg, skulle det oppstå ein konflikt på norsk territorium. Særskilt gjeld dette Nordområda – nokre av dei aller viktigaste områda i verda i dag.

Misunneleg. Det er ikkje lett for folk flest å forstå forsvarsdebatten, seier Åmås, når fakta og reknestykke er så kompliserte som dei er. 

– Kostnadene til dei nye kampflya er til dømes så enorme at det kan vere vanskeleg å fatte omfanget av denne investeringa. 

– Då er det Forsvaret og politikarane si oppgåve å formidle bodskapen på ein slik måte at folk utanfor organisasjonen kan ha moglegheit til å forstå han. 

Han trekkjer fram den militære leiarutdanninga som noko Forsvaret med fordel kan vise fram meir. 

– Leiarutdanningane i Forsvaret har eg høyrt mykje godt om. Eg kjenner òg mange som har gått Forsvaret sitt russiskkurs og Forsvarets høgskule og må innrømme at eg – som tidlegare pasifist – til dels har vore misunneleg på dei. 

Naudsynt. Fritt Ord-direktøren snakkar altså om seg sjølv som tidlegare pasifist og militærnektar. Han tok sivilteneste ved Universitetet i Bergen etter eit fire vekers opphald i Hustad leir på Romsdalskysten, som den gongen var obligatorisk for sivilarbeidarar. 

– Eg kallar meg ikkje lenger pasifist. Synet mitt på verdssituasjonen like etter at Berlinmuren fall, var meir idyllisk enn det er no. 

Åmås forklarar at han dei siste 15 åra har jobba mykje med temaet militant ekstremisme, noko som har forma eigne haldningar. 

– Det har vore ein gradvis prosess, men etter kvart innsåg eg at eit fritt og ope demokrati absolutt treng eit sterkt forsvar. Situasjonen både i nærområda til Noreg og i verda elles gjer dette naudsynt. 

Åmås meiner det norske forsvaret òg i framtida må delta i internasjonale operasjonar. 

– Medlemskap i Nato og FN fører med seg eit ansvar ein ikkje kan velje bort.


Vi i Forsvarets forum portretterte generalløytnant Robert Mood i 2009. 
Sjå portrettet her: www.fofo.no/Brumlebassen.b7C_w7jGYl.ips